PARKERINGSAVGIFT?: Skal Årdal kommune få på plass ein skyttelbuss, må truleg kommunen innføre parkeringsavgift for å finansiere tilbodet. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
PARKERINGSAVGIFT?: Skal Årdal kommune få på plass ein skyttelbuss, må truleg kommunen innføre parkeringsavgift for å finansiere tilbodet. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Skal Årdal få skyttelbuss, må ein vurdere parkeringsavgift

Innbyggjarane i Årdal ønskjer seg skyttelbuss mellom Øvre Årdal og Årdalstangen. Då kan det vere at kommunen må innføre parkeirngsavgift.

Årdal: Ein skyttelbuss mellom dei to tettstadane har vore etterspurt i mange år og har blitt eit tema att etter innbyggjarundersøkinga som kommunen gjennomførte før jul. 

Eit viktig argument for skyttelbussen er å tilgjengeleggjere tenestene på dei to ulike tettstadene, som til dømes legekontoret etter at dei vart samlokalisert. 

Då finansutvalet hadde møte tysdag og diskuterte tiltaka i undersøkinga, lurte Marie Helene Hollevik Brandsdal (Ap) på kor saka om skyttelbuss ligg i systemet. Seinast i mai i fjor var skyttelbussen tema i kommunestyret.

– For Arbeidarpartiet sin del kan eg seie at dette med trafikk er viktig for våre veljarar, spesielt det å leggje til rette for betre kommunikasjon mellom tettstadene med ein skyttelbuss, seier ho. 

Parkeringsavgift

Men ein skyttelbuss kostar pengar. Ei mogleg finansieringløysing kan då bli parkeringsavgift. Alternativet kan vere at kommunen sjølv skal betale for tilbodet.

Brandsdal var klar på at politikarane først måtte få vite kor saka står ein går inn i ein prinsipiell debatt om parkeringsavgift. Det var ikkje Thomas Norheim Moen (Sp) først samd i. Også rådmannen meinte politikarane burde ta stilling til om dei i det heile vil vurdere ei parkeringsavgift før dei diskuterer skyttelbuss. 

– Det er mogleg eg byrjar i feil ende ved å ta prinsippdebatten først, men ifølgje rådmannen må me ha den diskusjonen for å få realisert eit slikt prosjekt. Eg ønskjer den diskusjonen, men me kan godt ta den etterpå, men då må det liggja forslag til finansieringsløysingar i saka, seier Moen.

Kostar 1-3 millionar kroner

For 4,5 år sidan leverte Årdal Utvikling eit prosjekt til handsaming, men den gongen vart det ikkje gjort noko med. Hovudmålet er å redusere avstanden mellom Øvre Årdal og Årdalstangen og gjere handel og kommunale tenester meir tilgjengelege. Dette skal ein klare med avgangar kvar halvtime frå tidleg morgon til seine kvelden.

Det er venta at dette vil koste kommunen mellom 1-3 millionar kroner i subsidierte midlar kvart år. Då må ein finna inntektsgrunnlag som kan forsvare dette. 

Då er nettopp ei parkeringsavgift ei mogleg løysing, både fordi det vil betale for tenesta i seg sjølv, men også fordi det kan føre til at færre brukar bilen og heller vel å ta bussen når dei ferdast mellom tettstadene.

Til toppen