Aurland: Det var i formannskapet i Aurland i dag at administrerande direktør i Fjord1, Dagfinn Neteland, slapp nyhenda.
Underselskapet The Fjords er nær å bli einige med verftet Brødrene Aa om å setje i gong byggjinga av ein ny turistbåt etter same lest som «Vision of the Fjords».
Denne gong blir det etter planen eit reint batterifartøy, ikkje ein hybrid som den første. Rein eldrift kostar over førti millionar ,meir enn hybridløysinga og styret har fram til mai før dei må bestemme seg om dei går for denne løysinga.
– Vi ønskjer å byggje båt nummer to og er i sluttforhandlingar med Brødrene Aa om kontrakten. Vi håpar å få ein ny båt på Nærøyfjorden til 2018-sesongen, seier han.
Han fortel at båten blir tilnærma lik når det gjeld utsjånad, men nokre detaljar er forbetra og den blir noko lengre enn den første. Det er forventa at kontrakten blir underteikna 5. april.