OPEN I SOMMAR: Vetti gard og turiststasjon i Utladalen i Årdal er i sommar open for overnattingsgjestar og for dei som vil stoppa for å få seg noko å eta og drikke. Arkivfoto
OPEN I SOMMAR: Vetti gard og turiststasjon i Utladalen i Årdal er i sommar open for overnattingsgjestar og for dei som vil stoppa for å få seg noko å eta og drikke. Arkivfoto

Skal drive Vetti gard i sommar

– Vetti gard og turiststasjon er ein viktig institusjon for turismen i Årdal, seier Erling Eggum, eigar av Klingenberg Hotel, som skal stå for drifta av Vetti gard og turiststasjon, men ikkje berre i sommar. 

Vetti gard i Utladalen i Årdal har lange tradisjonar og har trekt gjestar til fjells sidan kring 1820-talet. At det i fjor sommar var stengt tykkjer Eggum er trist. 

Han fortel han har inngått ei avtale med eigaren av garden, Berit Vetti, som også er interessert i at fjellgarden skal vera open. Eggum har også fått fleire kommentarar på at det var stengt sist sesong. 

Viktig for reiselivet i Årdal

INSTITUSJON: Erling Eggun, eigar av Klingenberg Hotel, seier det er viktig å få opna Vetti gard og turiststasjon, då det var steng sist sommar. Arkiv
INSTITUSJON: Erling Eggun, eigar av Klingenberg Hotel, seier det er viktig å få opna Vetti gard og turiststasjon, då det var steng sist sommar. Arkiv

– Vetti gard er viktig for reiselivet og for framtida til reiselivet i Årdal. Fleire reiselivsaktørar er bra og betyr mykje for heilskapen av det Årdal kan tilby turistar. Fjellgarden i Vetti er ein spesiell plass, som det er viktig å halde liv i. Dette er noko me vil bidra til, seier Eggum. 

Eggum fortel at vandring er eit satsingsområde for reiselivet i Årdal. Vetti gard opnar for turar i Utladalen og er inngangsporten for nettverket med turstigar for vandring i Jotunheimen. 

Dette kan du vente deg

Sommarsesongen på Vetti gard opnar 24. juni. Drifta av turiststasjonen vil vera slik den har vore, open for dei som vandrar i fjellet og er på dagsturar. På dagtid vil det vera opent for enkel servering av mat og drikke, medan om kvelden er det mogleg å kjøpa middag for gjestar som overnattar på garden. 

Eggum fortel at dei tek sikte på å få ferdig eit dusjanlegg på Vetti gard, noko som ikkje har vore der før. 

Dermed blir det både turistar og oksekalvar å sjå langs Vettisgjelet i sommar. 

Les også: Slike har du nok ikkje sett i Vettisgjelet på kring 30 år

Langsiktige planar for fjellgarden

Men dette er ikkje berre ei naudløysing for at Vetti gard og turiststasjon skal vera oppe i sommar, Eggum tenkjer lenger enn eitt år fram i tid. 

– Dette ser me på som eit prøveår. Vetti gard og turiststasjon har eit utviklingspotensiale.  Planen er å driva vidare, få til god drift, at folk trivst og at det heng i hop økonomisk. Det er noko eg trur me vil få til. Me skal nok få til noko som blir bra etter kvart, seier han. 

Til toppen