STORE SKADAR: I Lærdal gjorde flaumen hausten 2014 store skadar på mellom anna hus og vegar. Arkivfoto
STORE SKADAR: I Lærdal gjorde flaumen hausten 2014 store skadar på mellom anna hus og vegar. Arkivfoto

Skal drøfte flaumsituasjonen

Store mengder snø i fjella gir truleg stor vårflaum på Vestlandet. 

Fylkesberedskapsrådet er kalla inn til møte fredag 12. juni, der dei skal få orientering om og drøfte flaumsituasjonen i fylket, skriv Fylkesmannen i Sogn og Fjordane på sine nettsider

Ifølgje Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) er det framleis mykje snø att i fjella og truleg går det mot storflaum på Vestlandet. 

Onsdag 17. juni er også utsiktene for vårflaum tema på kriseøvings- og seminardag  på Skei, som Fylkesmannen arrangerer for kommunane. Dit kjem også NVE for å orientere kommunane om stoda. 

Til toppen