Sogndal: Du hugsar kanskje Cannonball Run, den legendariske filmen frå 1981, med Burt Reynolds i hovudrolla. Eller Gumball 3000, som faktisk eksisterer i røynda, eit kontroversielt superbilrally på offentlege vegar.
Det var inspirasjonen då ei gruppe sogndøler starta TurboTour i 2012.

Men der hinsides køyring er synonymt med dei to første, går det i litt meir ordna former når sogningane legg ut på tur.
– Hos oss er det kontrollert kolonnekøyring, seier Per Helge Hågvar, primus motor for den bilgalne gjengen.
Vart helsa med flagg langs ruta
Dei køyrer forskjellige ruter kvart år. Det handlar om å oppleva den norske naturen frå førarsetet, med innlagde aktivitetar og gjerne litt god mat når dei stoppar.
Denne helga la dei ut på ein 850 kilometer lang rundtur, frå Sogndal via Vik til Voss fredagen, vidare til Drammen på laurdag, med ein pitstop undervegs på motorsenteret Dagali i Hol, før dei køyrte heim via Beitostølen og Filefjell søndag.
– Det artige i år var at det var folk som visste om ruta vår. Dei stod og helsa med flagg både på Ylvisåker og i Vik, seier Hågvar.
Dei som melder seg på må følga strenge reglar. Tylekøyring er strengt forbode. Det er ikkje noko kappløp, men deltakarane køyrer fint saman på rad og rekke. Det sosiale står i sentrum.

– I pausane går alltid praten, og du blir kjent med andre som er opptekne av det same. Det er ikkje så stort tilbod til bilinteresserte heller i Sogndal. Det gjer at det er populært. Sjølv om det ikkje er alle som orkar å ligga i kolonne i tre timar i strekk, seier Hågvar.
Strenge krav til både føraren og bilen
Adrenalinet får dei ut på andre måtar. I år hadde dei lagt inn eit stopp på ei nedlagt flystripe dei kunne leika seg på.
– Folk var ikkje redde for å bruka bilane. To av dei vart ståande etterpå. Det er vel eit teikn på at det ikkje vart halde så mykje att, seier Hågvar.
Dei uheldige var omplasserte i andre bilar. Så sjølv om berre åtte av ti bilar greidde seg, kom alle 21 deltakarane seg i mål.
Dei er avgrensa med plassar og det hender dei må seia nei til folk som vil vera med. Kravet er at du er over snittet interessert i bil, og at du helst har ein doning som skil seg litt ut frå mengda.
– Ein VW Passat stasjonsvogn er ikkje det mest interessante å stirra i «røvi» på i to timar. Då spør me fint om dei ikkje kan skaffa ein annan bil, seier Hågvar.
