SOGN OG FJORDANE TINGRETT: I dette rommet har sorenskrivar Harald Hjermann gifta mange sogningar, men frå nyttår er det slutt.
SOGN OG FJORDANE TINGRETT: I dette rommet har sorenskrivar Harald Hjermann gifta mange sogningar, men frå nyttår er det slutt. (Bilde: Øyvind Nondal)

Skal du ha borgarleg vigsel her må du vera snar

Frå nyåret vert borgarleg vigsel overført frå tingrettane til kommunane. I Sogndal er mynda delegert ordførar og rådmann.

Sogndal: Frå nyttår må innbyggjarar som ønskjer borgarleg vigsel i Sogndal møta på kommunehuset for å verta erklært rette ektefolk. 

Det var Stortinget som tidlegare i haust vedtok ny ekteskapslov. Lovendringa inneberer at vigselsmynda vert overført frå tingrettane til kommunane ved ordførar og varaordførar.

Kven som skal stå for vigslinga i Sogndal vart bestemt i formannskapet torsdag denne veka.    

Ordførar og varaordførar har vigslingsmynde direkte i den nye lova. Formannskapet gav mynde til rådmann Jostein Aanestad som vigslar, med grunngjevinga at det kan vera ektepar som ikkje ønskjer ein vigselsperson med politisk bakgrunn.

Sjølve seremonien vil gjennomførast i kommunestyresalen og formannskapssalen.

KYRKJELEG VIGSEL: Sokneprest Vegard Lie Bondevik trur kyrkjeleg vigsel vil verta meir attraktivt framover.
KYRKJELEG VIGSEL: Sokneprest Vegard Lie Bondevik trur kyrkjeleg vigsel vil verta meir attraktivt framover. Foto: Øyvind Nondal

Trur kyrkjeleg vigsel vert meir attraktivt

Sokneprest Vegard Bondevik Lie, seier til Porten.no at han ikkje trur det vert dei store endringane.

– Dei fleste par ynskjer ein seremoni med litt høgtidspreg knytt til ekteskapsinngåinga, og såleis tenkjer eg at kyrkjeleg vigsel kan bli noko meir attraktivt framover seier Bondevik.

Han trur også at ein vigsel av ordførar eller kommunalt tilsett har ei enklare seremoniell ramme.

At ein vigselsperson har politisk bakgrunn oppfattar han ikkje som kontroversielt.

– Ordføraren er folkevald og representerar på den måten alle innbyggjarane i kommunen. I ein vigselssamanheng trur eg dei fleste klarar å skilje mellom rolla som ordførar og personen partipolitikar, seier Bondevik.

Han legg til at prest har jo også høve til å vere politikarar, og det finst mange døme på ektepar som allereie er vigde av ein politikar, som då har hatt rolla som prest. 

Vigsel på Frudalshesten og Fannaråkhytta

I 2016 gifta 7 901 par seg borgarleg medan 8 186 par gifta seg i Den norske kyrkja.

Sorenskrivar Harald Hjermann seier til Porten.no at han sjølv har gifta mange sogningar. Oppgåva har seinare vorte delegert til dommarfullmektigar og sakshandsamarar. 

Nokre av vigslane har føregått på naturskjønne plassar.

– For nokre år sidan gifta eg folk på Fannaråkhytta i horisontalt snødrev seier Hjermann.

Han har også gifta folk på Frudalshesten i nydeleg skiføre.

– Tidlegare hadde vi mange utlendingar, men dei har vorte mindre av no. Mange vil gifta seg i naturskjønne plassar, og vi prøver vera fleksible i høve det avsluttar Hjermann.

Til toppen