PRESSEMELDING: Jan Kaare Hellevang.
PRESSEMELDING: Jan Kaare Hellevang. (Foto: Tide)

Skal du heim til jul frå Bergen, blir du no belønna for å kjøpa bussbillett tidleg

Det kjem fram i ei pressemelding.

Sogn: No innfører Sognefjordekspressen, som går i rute frå Sogndal til Bergen, ein nye prismodell som premierer reisande som bestiller billettar på nett i god tid før avreise. For å oppnå dei lågaste prisane for reisa, og vera sikra å koma på ønska avgang, må reisande kjøpa billett på nett.

Sognefjordekspressen blir administrert av Tide, som er landets nest største transportselskap og ein del av NOR-WAY-nettverket.

– Me får no moglegheita til å tilby dei av våre reisande som er tidleg ute med å bestille billettar på nett, dei gunstigaste prisane, seier leiar for fly og ekspressbuss i Tide, Jan Kaare Hellevang.

– Kundar med ein forhandskjøpt billett er sikra plass på ombord på ønska avgang, kjem det fram vidare i pressemeldinga.

Startar 7. desember

Sidan mars har Sognefjordekspressen fortsatt å køyre daglege avgangar, og då med forsterka vaskerutinar og ei begrensing på kor mange seter om bord som kan benyttast.

I den nye prismodellen vil ein finne ein billettkategori med lågare pris enn det Sognefjordekspressen har tilbudt fram til no. Andre billettkategoriar vil vera like som tidlegare, medan dei som kjøper billett tett opp mot avgang, eller om bord, gitt ledig plass og må betala ein høgare pris.

Prismodellen startar 7. desember og varar fram til og med 31. januar 2021 i første omgang.

Til toppen