Indre Sogn: Det er meldt om vesentleg snøskredfare i Indre Sogn dei komande dagane og Meteorologisk institutt ber folk om å vera merksame i fjellet.
Nettstaden varsom.no varslar vesentleg snøskredfare, nivå oransje som er det tredje høgaste nivået varslingstenesta opererer med.
Nettstaden oppmodar folk om å vera forsiktige i leområder der det samlar seg fokksnø, til dømes bak ryggar, i søkk og renneformasjonar. Skredfara er høgst utover ettermiddagen og kvelden julaftan og 1. juledag.
– Mykje nysnø kombinert med sterk vind frå vest vil samla fokksnøflak i austlege leformasjonar og gi aukande skredfare utover ettermiddagen og kvelden. Der det kjem mest snø vil skredfaren vera høgast, heiter det i meldinga.