Indre Sogn/Jotunheimen: «Krevjande tilhøve. Eit nedsnødd svakt lag kan utløysast av skiløpar, særskild i områder med flak av fokksnø. Fjernutløysing er mogleg», skriv varsom.no om snøtilhøva i Indre Sogn og Jotunheimen denne helga.
For, etter ein lang periode med tørt, kaldt vêr slo det torsdag om og har kome nysnø oppå det harde skarelaget som låg i fjellet frå før. Vidare gjennom helga er det meldt meir snø, og vinden aukar på; særskild måndag er det meldt temmeleg ruske – til dømes stiv kuling, 17 m/s og 5,5 mm snø i Hurrungane ifølgje yr.no.
Artikkelen held fram under vêrvarselet

«Omfanget av problem med fokksnø/nysnøflak over eit vedvarande svakt lag av kantkorn eller nedføyka overflaterim vil auka fort. I område der vinden legg frå seg snø er det all grunn til å halda seg unna», står det i varselet på varsom.no.
Det er i høgfjellet, over 1000 moh., at faren er størst, og særskild i hellingar mot aust, nord eller sør. Det betyr at går du på ski i hellingar som vender mot vest/sørvest/nordvest er det noko tryggare.
Artikkelen held fram under tabellen

Fleire stader i Sør-Noreg ligg skredfaren på nivå 3. Skalaen går til 5, men det er sjeldan eller aldri at skredfaren i Noreg når slike nivå, skredfarenivå 4 er også sjeldan.

Den gode nyhenda for skifolket er at det endeleg kjem snø på ein vinter som elles har starta svært snøfattig. Og etter dårleg vêr måndag ser det også ut il å roa seg – resten av vinterferien er det meldt tørt vêr og etter kvart kanskje også sol, ifølgje yr.no
Der nedbøren kommer som regn vil snødekket tåle det godt. Trolig vil mange nok heng bli utsatt utover dagen til at skredfaren kommer opp i 3-betydelig, særlig i vestlige deler av regionen.