SKI OG TOG: På toppen av Flåmsbana kan spenne på deg skia, gå opp til første topp og få tusen høgdemeter nedfart. Vel nede er det berre å vente på neste tog som tek deg opp att. Foto: Bård Basberg.
SKI OG TOG: På toppen av Flåmsbana kan spenne på deg skia, gå opp til første topp og få tusen høgdemeter nedfart. Vel nede er det berre å vente på neste tog som tek deg opp att. Foto: Bård Basberg.

Skal du til Norges nye skidestinasjon, må du ta Flåmsbana

Vatnahalsen i Aurland vert løfta fram som det nye toppturparadiset i Fri Flyt.

Aurland: På 30-talet vart Vatnahalsen i Aurland omtala som Nordens St. Moritz av gjestane på hotellet. Hit kom dei frå heile Europa for å stå på ski. No kan den statusen vere på veg tilbake.

HEFTIG OMTALE: Vatnahalsen prydar framsida til siste utgåve av Fri Flyt.
HEFTIG OMTALE: Vatnahalsen prydar framsida til siste utgåve av Fri Flyt.

– Eg trur potensialet er veldig stort, seier Bård Basberg, fotografen frå Sogndal som var med Fri Flyt på reportasjeturen i mars.

Les også: – Topptur på ski er den nye folkesporten​
Les også: SGNskis drøymer om skifabrikk i Sogndal

Tog for heis

Konseptet dei testa ut har fått namnet Ski & Train, eit samarbeid mellom Fjellsentralen i Hemsedal, Norgesguidene i Sogndal og Vatnahalsen hotell. Målet er at Flåmsbana òg skal verte ein magnet på skituristane.

At nettopp tindevegleiarar og fjellfolk står bak satsinga styrkar Basberg i trua på at dette kan ta av.

– I tillegg er det eit kult produkt med ein edge som kan selge, seier han.

– Det blir meir eksotisk når du kun kjem deg dit med tog på vinteren. Det blir litt meir aude og forlatt enn andre plassar. I tillegg kan du bruke toget i skikøyringa. Du kan renne ned Flåmsdalen og ta toget opp igjen, seier han.

Med andre ord er skiheisen av det heller spektakulære slaget. At skinnene bokstavleg tala går rett utanfor hotelldøra gir òg andre fordelar.

– Du kan for eksempel berre sette deg på toget i Göteborg og så er du der. Reisa er ikkje komplisert, men blir i staden ein kul del av pakka, seier Basberg.

NY GESKJEFT: Kvar sommar er tusenvis av gjester innom det raude hotellet på toppen av Flåmsbana. No håper dei vinteren skal bli like travel.
NY GESKJEFT: Kvar sommar er tusenvis av gjester innom det raude hotellet på toppen av Flåmsbana. No håper dei vinteren skal bli like travel.

Håper å matche «sykkelsesongen»

– ​Det er kjempespanande, seier Jannet Aksnes som driv Vatnahalsen hotell.

Ho fortel at dei i dag får inn åtti prosent av omsetnaden i månadane juli, august og september. Om vinteren derimot har dei nesten ingen gjestar. Så lenge det går akkurat rundt har dei vore nøgde. No er ambisjonane løfta fleire hakk.

– Hadde vi greidd å få vinteren til å matche «sykkelsesongen», som vi kallar det, så hadde det vore heilt fantastisk. For det er det vi håpar på, seier Aksnes.

Dei første par skituristane fekk vere prøvekaningar i fjor. I år blir første sesongen dei verkeleg satsar. Då hjelper det å få pryde heile førstesida til eitt av norges mest prestisjetunge skimagasin.

– Dei siste to dagene har eg nesten berre sete i telefonen. Vi har fått store bestillingar frå Frankrike, Sverige og England. Så vi kan seie det allereie har slått til, seier hotellsjefen.

Til toppen