HEIMBYGDA: Vokalist Andreas Barsnes Onarheim er frå Sogndal. Fredag kjem han til heimbygda for å spele saman med bandet sitt. FOTO: Strengeplukk og Felegnukk
HEIMBYGDA: Vokalist Andreas Barsnes Onarheim er frå Sogndal. Fredag kjem han til heimbygda for å spele saman med bandet sitt. FOTO: Strengeplukk og Felegnukk

Skal få fram dansefoten i folk

Bandet Strengeplukk og Felegnukk spelar tradisjonell Amerikansk bluegrassmusikk. Musikarane møtte kvarandre gjennom musikkstudiar, og kjem frå forskjellige stader i Noreg. Fredag kveld kjem vokalist Andreas Barsnes Onarheim saman med bandet til Kafè Krydder, som ein del av turnèen deira. 

Musikarane lovar roleg og vakker musikk, men også låtar som får i gong dansefoten til kvar og ein. Publikum kan forvente seg eit variert program denne kvelden.

Ny EP

Med seg på turnèen har bandet ei fersk EP, som vert å høyre på turnèen. Bandet spelar ei blanding av sjølvkomponerte låtar, både med og uten tekst, og tradisjonell bluegrassmusikk. 

Musikken deira er tilgjengeleg på dei fleste digitale straumetjenester. Singelen "Carolina Special" finn du her.

 

 

 

 

Til toppen