KOORDINATOR: Dagleg leiar i Lærdal Næringsutvikling, Arve Tokvam, skal no få på plass ein arrangementskoordinator. Arkivfoto

Skal få på plass arrangementskoordinator

Lærdal Næringsutvilking vil innfri ønskjet frå dei som jobbar med å få til blant anna marknadane og Jordeplerock i bygda.

Lærdal: - Me har bestemt oss for å få på plass denne funksjonen. Stillinga vil både gå ut på å hjelpa til i det konkrete arbeidet med arrangementa og å få løfta arrangementa i Lærdal ytterlegare, seier dagleg leiar i Lærdal Næringsutvikling, Arve Tokvam.

Det var på eit seminar om arrangementsutvikling i vinter at det frå nemnder og styrer som jobbar med arrangementa i Lærdal at ønskjet om ein arrangementskoordinator vart løfta fram.

Les også: Arrangementskoordinator står øvst på ønskjelista

Spleiselag

På utviklingssida skal koordinatoren mellom anna hjelpa arrangementa med kompetanseutvikling innan felt som marknadsføring, økonomi og informasjon.

- Vidare skal denne funksjonen syta for god informasjonsflyt ut mot resten av lokalsamfunnet så arrangementa står enno sterkare blant folk flest. Først og fremst er denne koordinerande rolla for arrangementa, men også inn mot reiseliv og handel ettersom dette heng i hop; det er viktig å vera klar på, seier Tokvam.

Han fortel vidare at stillinga blir utlyst innan utgangen av juni, og at det skal vera ei fulltidsstilling der halvparten av stillinga går inn i LNU sitt øvrige utviklingsarbeid.

- Stillinga skal såleis dekkjast gjennom eit spleiselag mellom Næringsfondet og næringslivet. Det sistnemnde har Lærdal Næringssamskipnad fått i oppdrag å få på plass, og me set ikkje stillinga i drift før dette er heilt klart. Men signala her er at næringslivet vil bidra, fortel Tokvam.

- Kan vera med på å gi innhald til stillinga sjølv

Ved utgangen av 2018 er omstillingsstatusen komen til endes og korleis utviklingsarbeidet blir organisert vidare er ikkje heilt avklart. Difor er det noko uklart korleis funksjonen arrangementskoordinator blir organisert vidare.

- Det blir viktig at ein finn ei berekraftig ordning for denne stillinga utom LNU når den tida kjem. Her vil eg spesielt utfordra næringslivet ettersom hovudtyngda av verdiskapinga i samband med arrangementa skjer i næringslivet, ikkje hjå arrangementa sjølve. Difor håpar eg næringslivet ser verdien av eiun slik funksjon.

- Kva type person er de ute etter?

- Ein eller ei som både er utadvendt, skapar engasjement og kontaktar. Og som samstundes er strukturert. Vedkomande vil også i stor grad kunne byggja stillinga og gi innhald til den sjølv.

 

Til toppen