TIL TINGET: Lærdalsordførar Jan Geir Solheim og kollega i Luster, Ivar Kvalen, dreg til Oslo for å skapa forståing i eige parti rundt mekanismane bak nedgangen i kommuneinntektene frå eigedomsskatt på kraftverka. Arkivfoto.
TIL TINGET: Lærdalsordførar Jan Geir Solheim og kollega i Luster, Ivar Kvalen, dreg til Oslo for å skapa forståing i eige parti rundt mekanismane bak nedgangen i kommuneinntektene frå eigedomsskatt på kraftverka. Arkivfoto. (Arkiv)

Skal få partifellane på Tinget til å forstå alvoret 

Ordførarane i Lærdal og Luster møter leiinga i Senterpartiet for å klårleggja konsekvensane av den sterkt reduserte eigedomsskatten frå kraftverka. 

Lærdal/Luster/Oslo: – Det er veldig viktig at partiet tek opp saka så det blir mogleg å gjera noko med dette så fort som mogleg. No vil me syna kva dette konkret fører til for våre to kommunar, seier lærdalsordførar Jan Geir Solheim.

Som NRK melde måndag reiser Solheim saman med lustraordførar Ivar Kvalen til Oslo for å møta leiar i Senterpartiet, Trygve Slagsvold Vedum, med fleire. Lærdal mistar 6,6 millionar kroner i skatt frå kraftverka, Luster rundt 12 millionar kroner.

Les også: Mistar 20 millionar kroner i eigedomsskatt

Les også: – Det er ekstremt alvorleg

Noko av grunnen til nedgangen i inntektene er låge kraftprisar, men det er meir komplekst enn som så, forklarar Solheim.  

– Det er vanskeleg å setja seg inn i dette, så no må me skapa forståing i eige parti først og fremst. Dette er meget kompliserte saker, i alle fall for ein småbrukar frå Borgund.

– Må snakka likt

Poenget til Solheim og Kvalen er at den sokalla kapitaliseringsrenta har stått uendra på 4,5 prosent i fleire år medan styringsrenta har stupt. Kort fortalt gjer høg kapitaliseringsrente at meir pengar går til Staten og mindre til kommunane.

– Kraftprisane kan me ikkje gjera noko med, så difor må me fokusera på det me kan få gjort noko med. Og det kan me her, seier Solheim.

– De skal altså ikkje møta representantar frå andre parti - de er vel nøydde til å få med fleire på dette?

– Ja, men i første omgang må me altså skapa forståing i eige parti så me sjølve snakkar likt.

Les også: Nedgang i kraftrelaterte inntekter på 23 millionar kroner

– Dobbel effekt

Lærdal kommune meiner også eit anna moment ved inntektsnedgangen er gjenstand for spørsmålsteikn. Alle kraftverk må no gjennomføra damrenoveringar, og kostnadane ved dette har Østfold Energi ført som investering. Dette gjer at grunnlaget for eigedomsskatt blir lågare og får kjappare effekt enn om kostnadane vart ført som vedlikehald. 

Kommunen har stilt spørsmål til Sentralskattekontoret om dette er rett praksis for å føra utgiftene ved damrenoveringa, men ikkje fått svar trass fleire lovnadar om respons. No har saka hamna i rettssystemet.

– Lærdal får dobbel effekt no for 2017. Dette med kapitaliseringsrenta gjeld alle, men damrenovering har me kome lengre med i Lærdal enn mange andre plassar. I Luster er dei i gang, men har ikkje kome like langt som hjå oss. I Aurland har dei ikkje starta på renoveringa. Såleis vil effekten av denne måten å føra utgiftene på slå ut seinare her.

Til toppen