RIMLEGARE?: Gro Starheimsæter (Sp) og Kåre Mentz Lysne (Ap) skal saman med representantar frå administrasjonen sjå om det er mogleg å gjera prosjektet rimlegare før kommunestyret skal gjera endeleg vedtak, truleg i novembermøtet. Foto: Ole Ramshus Sælthun
RIMLEGARE?: Gro Starheimsæter (Sp) og Kåre Mentz Lysne (Ap) skal saman med representantar frå administrasjonen sjå om det er mogleg å gjera prosjektet rimlegare før kommunestyret skal gjera endeleg vedtak, truleg i novembermøtet. Foto: Ole Ramshus Sælthun

Skal finna smarte grep for ombygginga

Totalprisen for prosjektet med ombygging til omsorgsbustader i Lærdal gjekk frå 49 til 83 millionar kroner på vegen frå kalkyle til tilbod. No skal politikarane og administrasjonen sjå om "pakka" kan gjerast rimelegare.

Lærdal: – Sjølve ombygginga til omsorgsbustader står for om lag ein tredel av dei 83 millionane det her er snakk om. I tillegg ligg det inne marginar på 10-12 millionar kroner, så det kan koma ned mot 70 millionar kroner totalt, opplyste rådmann Alf Olsen jr. for formannskapet i Lærdal onsdag.

Kalkylane som skulle gje ein indikasjon på kor mykje prosjektet vil kosta synte 49 millionar kroner. Så la kommunen dette ut på anbod og fekk to tilbod tilbake, derav det rimlegaste var frå Kleiven AS på 83 millionar kroner for ein totalentreprise.

Av desse 83 millionane utgjer sjølve ombygginga til tolv nye omsorgsbustader i underkant av 27 millionar kroner inklusive moms. I tillegg ligg følgjande kostnadselement inne i prosjektet, inklusive moms:

  • Sentralkjerne: 9,5 millionar
  • "Gamleheimen": 6,7 millionar
  • Varmepumpe/fjernvarme: 10 millionar
  • Rigg og drift: 9,5 millionar
  • Uteområde: 2,4 millionar
  • Bygge- og prosjektleiing: 2,6 millionar
  • Tillegg (IKT, møblar etc): 8,7 millionar
  • Marginar: 6,7 millionar

– Kvifor så stort sprik?

Frode Myklebust (Venstre) - som tok Trond Øien Einemo (H) sin plass ettersom han sa seg ugild i saka - lurde på kvar spriket på 34 millionar kroner kom frå: 

– Kvar kjem alle desse pengane frå og kva er det me ikkje har forstått? Kva har me gått glipp av? Kvifor er det så stort sprik mellom kalkyle og anbod?

Rådmann Olsen svarte:

– Det vart nytta ein standardmetode i kalkylen basert på erfaringstal. Spriket er eit uttrykk for marknadens dom. I tillegg er det altså lagt inn ein stor margin og me har vore svært nøkterne. Erfaringsmessig har me bomma på ein del store prosjekt før - her vil me ha alt på bordet no så det ikkje kjem overraskingar undervegs. 

– Så det er ikkje noko nytt som har kome inn, berre at kvart element er vorte dyrare? undra Annike Vanberg (Sv)

– Ikkje noko nytt direkte, men me håpte at kalkylane var store nok til at me fekk med møblar, IKT og liknande - no er desse tekne ut som eigen post.

– Er det altså seljars marknad? Er det noko med måten anbodet er spesifisert på som gjer at det blir så mykje dyrare? følgde Myklebust opp.

– Me har gått veldig i djupna her - spesifisert kva materiale og golv som skal nyttast, lagt opp til å få ei eiga styringsgruppe som rapporterer til kvart kommunestyremøte ettersom bygginga skjer. Dette er for å fjerna usikkerheit og unngå at nye kostnadar dukkar opp undervegs. Det største usikkerheitsmomentet er bygget "Gamleheimen" - løfter ein på ei takhelle der kan ein vera sikker på å finna noko under den hella, svarte Olsen.   

– Dei mindre prosjekta er vortne dyrare enn det eine, store

Rådmannen var også inne på at burde kunne vera mogleg å gjera noko med fleire av elementa som ligg inne. 

"Gamleheimen" er det garderobefasilitetar for dei tilsette, og her har kommunen fått avvik frå Arbeidstilsynet. Det er ein taklekkasje i det gamle bygget. Rådmann Olsen nemnde at dette elementet kan vera mogleg å ta ut eller å få gjort noko med summen på 6,7 millionar kroner, inklusive moms.

Tillegga som hovudskleg innbefattar nye møbler og noko IKT vil kosta om lag 8,7 millionar kroner, inklusive moms.

Dei to postane "Rigg og drift" og "Bygge- og prosjektleiing" på til saman 12 millionar kroner inklusive moms var også noko politikarane tykte verka dyrt.

– Dei mange mindre prosjekta er vorte vesentleg dyrare enn det store prosjektet som var utgangspunktet, kommenterte Kåre Mentz Lysne (Ap).

Om elementet Sentralkjerne sa kommunalsjef for Helse og Omsorg, Arne Johansen, følgjande:

– Her er det snakk om å samla ressursane frå heimesjukepleien og alders- og sjukeheimen. Desse er spreidd på to forskjellige plassar i dag. Det er viktig at ein gjer gode vurderingar her. Men eg har stor respekt for at dette har vorte dyrt og at det er meir som skal gjerast i Lærdal enn dette prosjektet.

Artikkelen held fram under biletet

DYRT: Både kommunalsjef for pleie og omsorg, Arne Johansen, og rådmann Alf Olsen jr. (i bakgrunnen) ser at prosjektet med Lærdal bu- og omsorgsheim ligg an til å bli ein dyr affære.
DYRT: Både kommunalsjef for pleie og omsorg, Arne Johansen, og rådmann Alf Olsen jr. (i bakgrunnen) ser at prosjektet med Lærdal bu- og omsorgsheim ligg an til å bli ein dyr affære.

Vil spara driftsutgifter - spørsmålet er kor mykje

Varmepumpe/fjernvarme går ut på å utnytta vannbåren varme frå Lærdalsøyri skule på Lærdal bu- og omsorgsheim. Også at varmen skal førast vidare til Doktorheimen, som ligg i bygningen det var hjelpepleiarskule før.

– Gjennom ei slik investering får me aktivert grunnlagsarbeid som er gjort frå før - det er alt bygd ut vannbåren varme frå skulen til barnehagen. Ei slik investering forventar me at skal gje oss ein del innsparingar på drift, sa rådmann Olsen.

Målet med det store ombyggingsprosjektet er - i tillegg til å gje eit utvida tilbod innanfor sektoren - å få ned driftskostnadane. Ei årleg innsparing på drift av helse og omsorg på 3,6 millionar kroner er talet ein har kome fram til etter anbodsrunden. Dette er vesentleg lågare enn talet ein opererte med først, då var det snakk om 7,7 millionar kroner i årleg innsparing. Spriket kjem hovudsakleg av at ein først meinte å kunne leggja ned ein heil fløy, men ser at det no blir bruk for deler av denne.

Pleie og omsorg styrer mot eit overforbruk på nærare fire millionar kroner i år. Dette skuldast mellom anna stort bruk av vikarar i heimesjukepleien. Ved ei ombygging som inneber å samla ressursane i ein sentralkjerne, meiner kommunalsjef for Pleie og omsorg Arne Johansen at ein kan spara meir på drift enn dei 3,6 millionane som no ligg inne.

– Me kan få større elastisitet i bruken av personale gjennom dette grepet. Og dei økonomiske effektane dette kan gi ligg ikkje inne i dei 3,6 millionane.    

Elleve millionar meir i lån - men leilegheitssal kan redusera dette

Når det gjeld finansiering av prosjektet hadde rådmannen lagt inn ein tabell i sakutgreiinga som syner at lånebovet for prosjektet har auka frå 37,7 millionar kroner til 49 millionar kroner.

Samstundes som prosjektet blir vesentleg dyrare vil ein få nærare sju millionar kroner meir i momskompensasjon og går ut frå å få nærare tre millionar kroner meir i tilskot frå Husbanken enn kva ein ville ha fått om det heile kosta 49 millionar kroner.

– I tillegg har me ein konto det kjem til å stå seks-sju millionar kroner på ved utgangen av året ettersom me sel ein del kommunale leilegheiter. Desse midlane kan me nytta til å redusera låneandelen, sa rådmann Olsen.

Utgangspunktet var at kommunestyret skulle vedta om dei går for investeringa eller ikkje i komande kommunestyremøte, den 20.oktober. Fleire formannskapsmedlemmar ytra at dette vart kort tid for politikarane å setja seg inn i så omfattande materie.

Difor enda det med at Kåre Mentz Lysne (Ap) og Gro Starheimsæter (Sp) saman med representantar frå administrasjonen skal sjå på om det finst alternative måtar å gjera ting på, både i høve innhald, finansiering og driftsmessige innsparingar.

Saka vart såleis utsett og er ventar å koma opp til endeleg vedtak i kommunestyret i november.

 

Til toppen