Årdal: Kommunen skriv på si heimeside at ifølgje løyvet som er gitt til anlegget, skal det ikkje vere sjenerande lukt i området rundt.
Det er Fylkesmannen som fører tilsyn med verksemda, og dei vart raskt varsla om problema. Fylkesmanne har hatt dialog med med eigar og Miljøverndepartementet.
- Les også: Positive til satsing på nytt område
«Det vert no iverksett tiltak for å fjerne årsaka til den sjenerande lukta som kjem frå anlegget. Det er eit biprodukt frå ein kunde som har vorte mellomlagra på anlegget, som er årsaka.»
Dette skal no fjernast fortløpande og skal vere transportert vekk i løpet av august månad.