FORSKINGSOBJEKT: Jordeplerock i Lærdal blir no forskingsobjekt. Illustrasjonsfoto frå 2015-utgåva av festivalen
FORSKINGSOBJEKT: Jordeplerock i Lærdal blir no forskingsobjekt. Illustrasjonsfoto frå 2015-utgåva av festivalen

Skal forska på Jordeplerock

Høgskulen ser etter dei som ikkje har delteke på Jordeplerock og er du med å svare på undersøkinga kan du vinne eit gåvekort på 1000 kroner.

Sogndal/Lærdal: Høgskulen på Vestlandet, ved avdeling campus Sogndal, har i fleire år forska på verknadar av festivalar og arrangement.

Til dømes vart det for eit par år tilbake som ein del av eit større prosjekt intervjua 800 tilskodarar på verdscuprenn i hopp i Holmenkollen og Vikersund om korleis dei nytta pengar under arrangementet, går det fram av ei pressemelding.

– Høgskulen ynskjer no å sjå nærare på Jordeplerock i Lærdal. Det er interessant for oss er det å få greie på kva inntrykk folk felst har av denne festivalen. Særleg er vi interessert i å høyre meininga hjå dei som har høyrt om festivalen, men som ikkje har vore med sjølve.

– For å motivera til at flest mogleg sogningar deltek i undersøkinga trekker me ut ein heldig vinnar som får ein gåvesjekk på kr 1000, seier førsteamanuensis Ove Oklevik.

Her finn du undersøkinga.

Skal nyttast i undervising

Han har med seg Høgskulelektor Helene Maristuen i prosjektet, som er eit samarbeid med Kozalin University i Polen. 

– Jordeplerock er ein ny type arrangement å studere for oss, og me vonar derfor at flest mogleg vil svare på undersøkinga vår, seier Oklevik. 

Institutt for økonomi og administrasjon ved Høgskulen på Vestlandet har fokus på næringsrelevannår dei no skal forska på Jordeplerock. 

– Resultat frå studien om Jordeplerock skal nyttast i undervising i fleire av emna på Høgskulen på Vestlandet  innan reiseliv og dei økonomisk administrative fagområdet, fortel Oklevik.

«Relevant utdanningstilbod og forsking og utvikling er blant dei viktigaste tiltaka innan kunnskap for reiselivsnæringa», står det i den nyleg lanserte reiselivsmeldinga nr 19  frå regjeringa «Opplev Norge- unikt og eventyrleg»

Til toppen