FRAMSNAKKING: Yrkesfag får stort fokus i tilrådinga frå fagopplæringsnemnda. Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune
FRAMSNAKKING: Yrkesfag får stort fokus i tilrådinga frå fagopplæringsnemnda. Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune

Skal framsnakka yrkesfag

Fagopplæringsnemnda meiner ein allereie i barnehagen må framsnakka yrkesfag - «Ungdomar i fylket må få informasjon om kva behov det lokale næringslivet har for arbeidskraft.»

«Nærings- og arbeidslivet i fylket og landet vårt etterspør meir faglært arbeidskraft innanfor ei rekkje bransjar. Ofte vert det sagt at mangel på faglært arbeidskraft er hovudgrunnen  til bedriftene ikkje kan vekse eller ta nye oppdrag.» skriv Sogn og Fjordan fylkeskommune på sine nettsider.

Fagopplæringsnemnda har vurdert det samla opplæringstilbodet i fylket for skuleåret 2017–18. Nemnda tilrår mykje det same tilbodet som er ved dei vidaregåande skulane som i dag.

Fokus på tett samarbeid

Men yrkesfaga blir altså løfta fram:

«I nokre bransjar er det stor "import" av arbeidskraft frå utlandet. Det er difor viktig å profilere og framsnakke yrkesfaga betre enn det vi gjer i dag. Denne informasjonen må starte i barnehagen og heimen. Og den må sjølvsagt halde fram i grunnskulen mm. Elevane må få betre og meir målretta informasjon om behova i det lokale næringslivet for faglært »

Tett samarbeid mellom dei vidaregåande skulane er også noko fagopplæringsnemnda fokuserer på:

«Elevgrunnlaget tilseier også at det ikkje er mogeleg å utvikle svært mange tilbod på dei ulike skulane. Difor er det viktig at dei vidaregåande skulane samarbeider så mykje som mogleg. Dette er særleg viktig innan yrkesfaga.»

Hovudutvalet bestemmer korleis det endelege tilbodet skal sjå ut i møtet 22. november.

Tilbodet vert lyst ut med søknadsfrist 1. februar for søkjarar med fortrinnsrett og søkjarar som kan ha rett til spesialundervisning. For andre søkjarar er fristen 1. mars.

Til toppen