KULT: Fjerdeklassingane ved Farnes skule tykkjer det er stas å få ein gratis sykkelhjelm. Sikkerheitsutstyret blir delt ut av Årdal Tenk Tryggleik i samarbeid med politi og Foreldrerådets arbeidsutval (FAU), og fleire bedrifter i Årdal har vore med å sponsa utstyret. Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen

Skal gi beskjed til dei vaksne

Då Årdal Tenk Tryggleik og Politiet møtte fjerdeklassingane ved Farnes skule onsdag føremiddag, fortalte fleire av borna om foreldre som ikkje brukar sykkelhjelm.

Denne onsdagen fekk alle i fjerde klasse ved Farnes skule tildelt ein flunkande ny sykkelhjelm, samt ei lykt til sykkelen. Utdelinga er eit ledd i det forebyggande arbeidet til Årdal Tenk Tryggleik, der borna får gratis sikkerheitsutstyr.

Under møtet mellom Årdal Tenk Tryggleik, politiet og fjerdeklassingane, kom det fram fleire historiar om foreldre som ikkje brukar sykkelhjelm sjølv. 

Samstundes kom det fram at alle foreldre er flinke til å be borna om å bruke hjelmen når dei setter seg på sykkelen. 

Artikkelen held fram under biletet.

SKREKKEKSEMPEL: Fjerdeklassingane fekk anledning til å fortelje politiet om kva dei har opplevd på sykkel, samt om dei er flinke til å hugse på hjelmen når dei skal ut for å sykle. Petter Hagen frå politiet fortalde sjølv eit skrekkeksempel på kor viktig hjelmen er når ein ferdast på sykkel.

Høgsesong for uhell

Etterkvart som våren melder sin ankomst, kjem også syklane til syne i trafikkbiletet. Derfor er Årdal Tenk Tryggleik og politiet i forkant, for å gjere borna merksame på kor viktig det er med sikkerheitsutstyr og riktig oppførsel i trafikken.

– I fyrste klasse får elevane tildelt refleksvest, deretter sykkelhjelm i fjerde klasse. Konfirmantane har eit eige opplegg, "Politikameratane", der dei blir kjent med politi og brannvesen, seier Bjørn Indrebø frå Årdal Tenk Tryggleik. 

Med desse tiltaka ynskjer dei å ufarleggjere blant anna politiet, og få born og ungdom til å forstå at politiet og andre instansar er der for å hjelpe. 

Fleire av elevane har sjølv opplevd å vere uheldig med sykkel, og ein av dei fortalte at det berre var nokre dagar sidan hjelmen vart øydelagt i eit fall. 

– Hjelmen skal bli øydelagt! Det betyr at hovudet ditt vart beskytta, svara Petter Hagen frå Årdal lensmannskontor. 

Han håpar alle borna vil oppfordre sine foreldre til å bruke hjelm saman med dei. 

Betre med hjelm

Fjerdeklassingane Leah, Ida, Kristine og Elida er fullstendig einige i det politiet  og Årdal Tenk Tryggleik fortalde denne onsdagen. 

Artikkelen held fram under biletet.

STAS: Fjerdeklassingane Leah (frå venstre), Ida, Kristine og Elida var særs nøgde med å få ein heilt ny sykkelhjelm og lykt til sykkelen.
STAS: Fjerdeklassingane Leah (frå venstre), Ida, Kristine og Elida var særs nøgde med å få ein heilt ny sykkelhjelm og lykt til sykkelen.

– Det er betre å bruka hjelm, seier Elida og er synleg stolt av sin nye sykkelhjelm. 

Det er ein klar årsak til at Årdal Tenk Tryggleik deler ut sikkerheitsutstyr til borna.

– Det er enklare å få dei til å bruke utstyret, fortel Indrebø.

Utdelinga skjer i samband med sykkeltesten som 4. til 7. klasse skal ha i midten av mai. Lærarane på Farnes skule samarbeidar om å gi borna sykkeltrening, og dei fordeler sykkeltimane utover dei ulike faga. Omlag fem timar i veka blir brukt til å gjerne skuleelevane trygge på sykkel. 

I mai skal dei gjennom ein teoretisk og ein praktisk prøve, og desse prøvane er basert på dei ulike aldersgruppene. 

Til toppen