BEST MOGLEG: Rådmann Alf Olsen jr. i Lærdal minner om utgangspunktet for saka - å gje eit best mogleg skuletilbod for alle i Lærdal med dei rammene ein har. Arkivfoto: Ole Ramshus Sælthun
BEST MOGLEG: Rådmann Alf Olsen jr. i Lærdal minner om utgangspunktet for saka - å gje eit best mogleg skuletilbod for alle i Lærdal med dei rammene ein har. Arkivfoto: Ole Ramshus Sælthun

– Skal gje eit best mogleg skuletilbod innanfor dei rammene me har

Rådmann Alf Olsen jr. i Lærdal minner om kva som er utgangspunktet for tilrådinga om å leggja ned Ljøsne skule. 

Lærdal: – Når det er skuletilbodet til borna i Lærdal som er saka, så må me også legge det i botnen for våre vurderingar, seier rådmann Alf Olsen jr. i Lærdal.

FAU ved Ljøsne skule meiner konsekvensane av ei eventuell nedlegging av Ljøsne skule ikkje har kome godt nok fram når saka no skal avgjerast i formannskap og kommunestyre.

Rådmann Olsen er klar på at utgangspunktet deira er ei vedteken innsparing på drift av oppvekstsektoren på fire millionar kroner årleg, og at ein då vanskeleg kjem utom nedlegging av Ljøsne skule. 

– Det me skal ta stilling til i denne saka er korleis me skal gje eit best mogleg skuletilbod innafor dei rammer me har til rådvelde for elevane i Lærdal.

Han har også utarbeidd eit notat " Skulebruksplan – vurdering av samfunnsmessige verknader" som omhandlar fleire av punkta FAU-leiar ved Ljøsne skule Hans W. Tønjum har peika på.

Les også: – Konsekvensane av nedlegging har ikkje kome fram

– Sirkelargumentasjon

Eitt av punkta er at Ljøsne skule står som eit av hovudargumenta for å få tunnel forbi Ljøsne. Rådmann Olsen meiner det viktige er at alle har ein trygg skuleveg, og at dette blir ivareteke i høve alle traseval.

– Det vil ta lang tid før dette er på plass uansett kva trase som vert ståande. Om ein vil nytta vegen som argument så kjem ein opp i ein sirkelargumentasjon – traseen vart vald for å trygge skulevegen og trafikken – dermed kan ein ikkje flytta skulen for då misser ein traseen. 

Artikkelen held fram under biletet

NY HUSKE: Elevrådsleiar Ida Martine Hille opna ei ny huske ved Ljøsne skule som foreldra til borna ved skulen har fått på plass. Men skulen er nedleggingstruga. Arkiv
NY HUSKE: Elevrådsleiar Ida Martine Hille opna ei ny huske ved Ljøsne skule som foreldra til borna ved skulen har fått på plass. Men skulen er nedleggingstruga. Arkiv

Les også: Opna ny huske før lagnadshausten

Tønjum i FAU spurde også om det ikkje er nokre tankar rundt korleis skulekrinsgrensene blir ved ei eventuell nedlegging av Ljøsne skule. Olsen understrekar at dette er eit politisk spørsmål, og at administrasjonen her ikkje legg føringar.

– Det er foreldre og born sine meiningar og ønskje om dette som må leggast vekt på når grensene vert sette, seier han

– Framleis er det slik at det er fritt skuleval

– Kan ein del av elevane frå Ljøsne hamna innan krinsen til Borgund skule så eksisterande krins blir splitta? 

– Dette er avhengig av utfallet av prosessen. Det kan skje og det kan også ikkje skje.

– Dersom alle elevane frå Ljøsne skal ned på Øyri, er ikkje det eit paradoks ettersom både lærar- og bygningskapasiteten er best på Borgund?

– Det er prosessen kring krinsgrenser som må definera dette også. Om det eine er eit større eller mindre paradoks enn det andre har eg ikkje noko synspunkt på. Det som er viktig i denne saka er å gje eit best mogleg skuletilbod innafor dei rammer me har til rådvelde for elevane i Lærdal.

– Dersom eksisterande krins blir delt kan vel ein del foreldre på Ljøsne som jobbar på Øyri måtte risikera å køyra ungane til og frå SFO på Borgund før og etter dei er på jobb? 

– Om dette ikkje vert spelt inn eller teke omsyn til i prosessen kring skulekrinsgrensene, så ja. Men eg vil tru at me i det lengste bør unngå noko slikt. Framleis er det også slik at det er fritt skuleval. Om nokon kjem i ei slik stode, er det mogleg å søka om å byta skule. Me har hatt som praksis å etterkoma slike søknader. Føresetnaden er at det er plass på skulen det vert søkt om overflytting til.

Frå 5,2 millionar til 4,8 millionar

I den administrative tilrådinga som ligg føre når politikarane skal fatta vedtak i saka blir det lagt opp til at skulebygningen på Ljøsne skal seljast eller brukast så den ikkje belastar det kommunale driftsbudsjettet.

Om framtida til gymsalen og høve for kveldsaktivitetar for born på Ljøsne, seier Olsen at dette er mogleg å få til, men avhenger av initiativ: 

– Alle bygg vert ståande, men ansvaret for dei må overførast til andre. 

Les også: Første akt av den lokalpolitiske thrilleren er i gang

Les også: Utsette vedtaket om Ljøsne skule

Utgangspunktet for rådmannen si tilråding er altså ei vedteken innsparing på oppvekst på fire millionar kroner årleg. I formannskapsmøtet 29.september var innsparingssummen det vart operert med på 5,2 millionar kroner. I sakspapira til formannskapsmøtet denne veka er denne summen nedjustert til 4,8 millionar kroner. Olsen forklarar endringa slik:

– Me har kvalitetssikra tala ei rekke gonger for å vere sikre på tala. Gjennom ein ny gjennomgang av tala som låg til grunn for innsparingspotensialet ved nedlegging av skular, fann vi at noko var utegløymt. Det gjekk primært på utgifter til Skulefritidsordning og vidareføring av PPT (Pedagogisk psykologiske tiltak retta mot særskilte behov, red.anm.). Det er alltid litt feilmarginar i slike tal, men me er trygge på at me får ei innsparing i denne storleiken. Det endelege svaret får me når tiltaka er gjennomførte.

Til toppen