Skal gjenskapa 30 år gamal musikalsk magi

Skal gjenskapa 30 år gamal musikalsk magi

Laurdag står to av Årdals lengstlevande band på scena. 

I helga står to av Årdals lengstlevande band på scena når Blueslaget og Crowd spelar opp til dans på Utla Café og Bar. 

Seint torsdag kveld traff Porten.no musikarar frå begge banda framme i Hugin-huset i Utladalen. Etter ein liten smakebit er karane samla i sofaen for ein prat om musikkmiljøet si utvikling dei siste 30-35 åra.

Blueslaget starta opp i 1979, medan Crowd kom i gang i 1985. 

– Me hadde vår første opptreden i '85 då det var Live Aid på Tangen. Me har vore den same gjengen utanom at Torleif er komen med som ekstra, fortel Steinar Fodnes.

Sidan den gongen har dei halde saman i kortare og lengre pausar i 30 år. Karane fortel at Påskerocken har spelt ei viktige rolle i det å samlast kvart år og spela, anten det er ilag eller i andre konstellasjonar. 

Artikkelen held fram under biletet.

EIGA VERD: Arnt Kjetil Ellingsen lever seg inn i bluesverda.
EIGA VERD: Arnt Kjetil Ellingsen lever seg inn i bluesverda.

– Me har halde kontakten me som er att. Og så har me dette huset, som det er lettvint å reisa til og øva, fortel Odd Sigmund Høl.

30 årsjubileum

I år har Crowd eit aldri så lite 30 årsjubileum, og dei hadde difor planar om å spela allereie før dei fekk spørsmål om å spela i helga.

– Då ville me ha med nokon som var eldre like gamle som oss, fortel Knut Bordal.

– For å skilja oss ut då, så fann me nokon var eldre for at me skulle sjå unge ut, og då var det berre Blueslaget. Me har vel lurt litt på bytta namn òg no då til «Shades of grey», spøkar Fodnes.

Latter fyller rommet. Det er lett å sjå kvifor denne gjengen har halde seg nokolunde ilag sidan 80-talet. 

Andre forhold

Dei sit no i det relativt nyoppussa Hugin-huset, eit øvingslokale dei rosar opp i skyene. Forholda var annleis då dei starta med musikk.

– Du veit, det er legalt no å byrja i band. Då me byrja å spela, var me liksom rabiate. Ein byrja å spela i band når du var 16-17 år på ungdomsskulen, så vart me hivd ut der, og så øvde me i ungdomshuset, fortel Høl.

– Og så tok Blueslaget over øvingsrommet til Årdal viseklubb. Dei starta vel i '76 og hadde det rommet til Årdal gass og fluor for dei slutta. Og det var ein kjellar, og det var eit ettertrakta rom i kjellaren i samfunnshuset. 

God stemning

Litt avsporingar i praten blir det, som til dømes når dei prøver å hugsa kven som har vore med i dei ulike banda opp gjennom og kva ulike band dei sjølve har vore med i.

– Ja, han Øyvind Lægreid var med i starten på trommer, så fann me ein ny Øyvind (Aga), fortel Ole Magnar Nundal

– Det er vanskeleg for dei å hugsa namn då, veit du, svarar Aga.

– «Me trenger ein trommeslagar, og det er eitt krav, og det er at han skal heita Øyvind», ler Fodnes. 

Artikkelen held fram under biletet.

ØYVIND ERSTATTA ØYVIND PÅ TROMMER: – «Me trenger ein trommeslagar, og det er eitt krav, og det er at han skal heita Øyvind», ler Steinar Fodnes.
ØYVIND ERSTATTA ØYVIND PÅ TROMMER: – «Me trenger ein trommeslagar, og det er eitt krav, og det er at han skal heita Øyvind», ler Steinar Fodnes.

Men når sant skal seiast, har det vore mange svært gode musikarar innom Blueslaget, som til dømes Karl Seglem, Reidar Skår og Nils Einar Vinjor.

Nåsen var viktig

Karane er også samde om at spesielt éin person i bygda var ein viktig bidragsytar til at dei alle starta med musikk.

– Me hadde mykje hjelp av Nils Nåsen. Hadde ikkje Nils Nåsen vore i bygda, hadde ingen av oss dreve med band, trur eg. Du kunne få kjøpa akkurat det du ville av han. Og du kunne betala for gitar og forsterkar når du pengar. Det var ikkje farleg. Han noterte det ned i boka, ingen renter eller ingenting, fortel Høl.

Anna kultur

I tillegg til at han spelte ein viktig rolle, var også kulturen annleis på denne tida. Det var meir folk ute, naturleg nok etter som det var fleire ungdommar, men den store forskjellen var at dei alltid hadde ein plass å spela.

– Det var ein del samfunnshus og ungdomshus som ein fekk spela i enn det er no, seier Knut Bordal.

No har sjølvsagt Bakeriet kome på plass i år, ei ettertrakta rockescene etter at Stova vart lagt ned. Men det er ikkje til å stikka under ein stol at musikktrendane har endra seg til å bli meir elektronisk. 

Musikk alle kjenner seg att i

Laurdag er det uansett berre gamle slagarar å høyre, og då håpar banda at folk skal koma seg ut til «vetig tid».

– Den største forandringa er at folk går ikkje ut til vetig tid lenger, så det håpar me skjer no. Viss du ikkje var ute til 21.00 før, så kom du ikkje inn. No kan du stå og spela første settet åleine. Ungdommen i dag som klagar på at dei ikkje har lokale å gå i, har ikkje noko å klaga på for dei må koma seg ut, er beskjeden frå Fodnes. 

Men sjølv om musikken kanskje er mest for den litt eldre generasjon med Etta James, Deep Purple, Fleetwood Mac og Lynyrd Skynyrd, håpar dei at også unge vil ta turen ut laurdag. 

Fire sett

Det vil iallfall vera eit ungdommeleg innslag på scena i og med at dei også skal ha med seg Frida Tryti Hundshammer på nokre av songane. 

– Og så er det fire sett med musikk, og det er heller ikkje så vanleg lenger. Det var det alltid før, fire gangar 45 minuttar hugsar eg. Då var du så sleten til slutt at du var heilt ferdig, fortel Bordal.

– Ja, du sleit deg ned frå losjen då sånn i halv to-tida og høyrde siste rolege songen og tenkte at no er siste sjansen elles er det for seint. Då hadde du duppa i nokre timar før det, ler Fodnes. 

Laurdag satsar gjengen på å gjenskapa slike minner når dei nok ein gong står på scena ilag, slik dei har gjort dei siste 30 åra og vel så det. 

Til toppen