KALENDAR: Bak frå venstre: Tarald Werge- Olsen, Stefan Jimenez, Runar Høl og Anna Rønning. Framme frå venstre: Vilde Juvik Eldegard, Hanne Eide, Aina Juvik Eldegard, Silje Mari Larsen og Christian Rasmussen. 
KALENDAR: Bak frå venstre: Tarald Werge- Olsen, Stefan Jimenez, Runar Høl og Anna Rønning. Framme frå venstre: Vilde Juvik Eldegard, Hanne Eide, Aina Juvik Eldegard, Silje Mari Larsen og Christian Rasmussen. 

Skal gjera kvardagen til folk enklare

2. klasse sal og service ved Årdal vidaregåande skule har starta bedrifta Din Kvardag UB.

 

Årdal: Ungdomsbedrifta har funne opp eit heilt nytt produkt. Med dette produktet ynskjer dei å delta på Fylkesmeisterskap og dei har sjanse på å vinne pris for innovativ produkt. 

Dagleg leiar Aina Juvik Eldegard fortel at dei har laga ein kalendar med skiftplanoversikt.

- Me ville lage kalendaren litt annleis, slik at den ikkje blei heilt lik ein vanleg kalendar. Då fann me ut at me skulle legge inn skiftplanen til Hydro og Norsun, seier ho. 

Anna Rønning legg til at mange har arbeidsplassen sin på Hydro eller Norsun, og då er det greit med ein slik skiftplan-kalendar. Ho påpeikar at ein ikkje treng å jobbe der for å bruke kalendaren, men det kan vere ein grei oversikt då mange kjenner nokon som jobbar der. 

- Det er også lettare for borna å sjå kva skift mor eller far har, seier ho vidare. 

Kalendaren gjer det lett for ein travel familie å planleggje. Ved hjelp av kalendaren kan ein enkelt finne ut når venner og familie er på arbeid. Det er også laga til store ruter ein kan skrive ned planane sine. 

- I tillegg har me lagt inn skuleruta. Dette er det ingen andre kalendarar som har, så me tenkte det kunne vere lurt, seier Hanne Eide. 

Lærerikt

Dei synes det er veldig lærerikt å starte bedrift. Bedrifta fungerar som ei vanleg bedrift, men at dei jobbar på skulen.  

- Me lærer oss korleis me skal styre ei bedrift. Me styrer økonomien sjølv og me lagar forretningsplan, fortel Hanne.

Me lyt også marknadsføre oss, seier ho vidare.

Dei starta prosjektet i år med idemyldring og mange idear kom fram. Dei brukte lang tid på å kome fram til det endelege produktet. Lærarane ved skulen var hjelpsame i prosessen og gode støttespelarar når dei skulle bestemme seg. 

Valet fall til slutt på skiftplan-kalendar. 

Dette er eit produkt me er særs nøgde med, men det ligg mange timars arbeid bak, fortel Vilde Juvik Eldegard.

- Først og fremst brukte me lang tid på å finne ut korleis produktet skulle vere. Ei stor hindring på vegen var at skiftplanen til Norsun og Hydro er ulik, fortel Anna. 

- Når me hadde planlagt korleis kalendaren skulle vere, tok me kontakt med skrivargarden. Me har samarbeida mykje med dei, legg Aina nøgd til.  

God hjelp

Dei er særs nøgde med utsjånaden på kalendaren og fortel vidare at framsidebiletet er tatt av fotograf Jan Ove Skjerping.

- Framsidebiletet er kjempefint, så me må få takke Jan Ove for lånet, seier Vilde. Ho seier vidare at dei også må få fram at lærarane og Skrivargarden har vore gode samarbeidspartnerar i prosessen. 

- Me håpar produktet vårt vil ligge under mange juletre i år, avsluttar Hanne. Dette er årets julegave.

 

Til toppen