DOBBELTROLLE: Anne Kauppi, Ap-politikar og næringslivsleiar, vart torsdag valt inn i styret til Årdal Utvikling som ein representant frå næringslivet. Opposisjonen meiner Kauppi kjem til å bli oppfatta som ein politikar i staden. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.
DOBBELTROLLE: Anne Kauppi, Ap-politikar og næringslivsleiar, vart torsdag valt inn i styret til Årdal Utvikling som ein representant frå næringslivet. Opposisjonen meiner Kauppi kjem til å bli oppfatta som ein politikar i staden. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.

– Skal greie å skjøtte vervet bra

Anne Kauppi seier ho forstår kritikken frå opposisjonen, men meiner ho skal klare å skilje på rollene sine. 

Årdal: Arbeidarparti-politikaren og dagleg leiar for Sogn Opplæringskontor vart torsdag valt inn i det nye styret til Årdal Utvikling (ÅU), noko opposisjonen var usamd i.

Sjølv om valnemnda, med Kauppi som leiar, hadde blitt einige om at Line Moen skulle gå inn i styret, bestemte Arbeidarpartiet og Miljøpartiet dei grøne seg for likevel å satse på Kauppi. Dette blei bestemt på eit gruppemøte i Ap i forkant av møtet.

Det er vanleg at minst to av styrerepresentantane i ÅU kjem frå næringslivet, medan resten er politikarar. Opposisjonen i årdalspolitikken meiner at sidan Kauppi er ein så framtredande politikar, så vil ho bli oppfatta meir som nettopp ein politikar enn ein representant frå næringslivet.

– Eg ser den. Eg har ingen problem med å sjå det. Difor tenkte eg at eg skulle gi meg som politikar før valet, men så fekk me ein utruleg manko på kvinner. Dette hadde ikkje vore noko problem om eg hadde gått ut, men eg trur eg skal klara å skjøtte vervet bra. Eg er glad for at eg kom inn, seier Kauppi til Porten.no.

Straffast for engasjement

Det var Årdal vidaregåande skule som lanserte ho og Moen som gode kandidatar til å sitja i styret. Ap og MDG argumenterte med at Kauppi er den med best kjennskap til bedriftene i Årdal i sitt arbeid med lærlingar.

– Grunnen er jo kjennskapen eg har til både skuleverk, det politiske livet i fylket, og i tillegg er eg dagleg leiar for ei lita bedrift, men med ei stor kontaktflate i næringslivet i Årdal, held Kauppi fram.

– Ein kan ikkje straffast fordi ein er engasjert. Då er det mange som ikkje kan ha verv viss dei trur eg ikkje kan skjøtta vervet mitt ordentleg og har så dårleg tillit til folk. 

Svekka tillit

Opposisjonen på si side er klokkeklar i si meining. 

– Det har skjedd ting som gir grunnlag for å hevda at tilliten mellom næringslivet og styret i ÅU er svekka. Det trur eg ingen kan vera ueinig i. Me meiner styreleiar burde vera ein representant frå næringslivet. Det er viktig dersom me skal lykkast med å nå våre målsettingar. 

– Eg trur dette blir oppfatta negativt ved at ein køyrer inn endå ein politisk representant, sjølv om dei hevdar det ikkje er det. Eg er sikker på at næringslivet vil oppfatte det slik, seier Kurt Jevnaker (V). 

Porten.no har også vore i kontakt med Line Moen, som seier at ho ikkje har andre tankar rundt debatten og forheld seg til vedtaket til kommunestyret.

Til toppen