APP: Som turist på Nærøyfjorden kan ein med NaviGuiding få informasjon om attraksjonane ein tøffar forbi rett inn på mobilen. Foto: Ole Ramshus Sælthun 
APP: Som turist på Nærøyfjorden kan ein med NaviGuiding få informasjon om attraksjonane ein tøffar forbi rett inn på mobilen. Foto: Ole Ramshus Sælthun 

Skal guida båtturistar med app

Tenk at du sit på ein turistbåt som tøffar forbi for eksempel Styvi. Så kjem alt du treng å vita om Styvi opp på mobilen automatisk. Slik skal det nye guidesystemet Flåm AS introduserer fungera.

Aurland: – Dagens turistar er i større grad ute etter kulturell kunnskap når dei reiser. Å tilrettelegga den informasjonen dei ønskjer automatisk og brukarvennleg er ei fremtidsorientert løysing, seier Solrun Hjelleflat, administrerande direktør i Flåm AS i ei pressemelding. 

Systemet heiter NaviGuiding og er eit nyskapande interaktivt, digitalt informasjonssystem basert på GPS-teknologi. Det er Tromsø-selskapet NaviGuiding med gründer Belinda Andersen som har utvikla dette.

På sitt eige språk

Gjennom satellittnavigasjon blir lyd, bilete og all informasjon synkronisert så det kjem opp på mobilen nøyaktig i det båten passerer attraksjonene på ruta.

– Dette gir kunden ein heilt ny moglegheit til å kunne få informasjon på sitt eige språk og når ein sjølv ønskjer å høyra det. Alt direkte i ein app som er lasta ned på telefonen, seier Hjelleflat.

Utvidar til Nærøyfjorden og Geirangerfjorden

Informasjonen blir kategorisert, oversett av statsautoriserte translatørar og spelt inn av menneskelege skodespelarer for å kunne gi kvalitetssikra,” levande” guide- historieforteljingar i sann tid over brukarane sitt unike interessefelt.

– Me har allereie testa systemet ut ein sesong på Lysefjorden, noko som har gitt veldig positiv tilbakemelding frå gjestene. Ein slepp støy frå skurrete høgtalarar, og dei reisande kan høyra guidinga i ro og mak. Dette fungerer godt, og me utvidar difor tilbodet til Nærøyfjorden og Geirangerfjorden i år, seier Hjelleflat

Til toppen