VEG Å GÅ: Arve Tokvam, dagleg leiar i Lærdal Næringsutvikling, kunne presentera tal som syner at ein ligg eit stykke bak måla for forlketal og arbeidsplassar i Lærdal, men at sluttmåla i 2020 framleis står fast. Foto: Ole Ramshus Sælthun
VEG Å GÅ: Arve Tokvam, dagleg leiar i Lærdal Næringsutvikling, kunne presentera tal som syner at ein ligg eit stykke bak måla for forlketal og arbeidsplassar i Lærdal, men at sluttmåla i 2020 framleis står fast. Foto: Ole Ramshus Sælthun

Skal ha 140 fleire arbeidsplassar i kommunen til 2020

Det er 42 færre sysselsette og 72 færre innbyggjarar i Lærdal enn kva målsetjingane skulle tilseia. Planlagde etableringar på Håbakken er eitt av elementa som skal gjera at sluttmålet blir nådd.

Lærdal: – Talet på sysselsette har auka, men me er eit stykkje frå måla for inneverande år. Dei tre prosjekta me satsar på no vil ikkje gje effekt i 2017, for fullt først om tre-fire år, sa Arve Tokvam, dagleg leiar i Lærdal Næringsutvikling (LNU) under det siste frukostmøtet for året.

Dei tre prosjekta er Håbakken, Levande lokaler og Tataki. 

På Håbakken jobbar LNU og kommunen med å få bedriftsetableringar, der den mykje omtala pelletsfabrikken er den største etableringa som konkret ligg an til å koma førebels. I tillegg kan Lærdal Grønt koma til å flytta frå Grandane til Håbakken - i kva grad og korleis verksemda kan bli utvida er ikkje klart, men Tokvam nemnde mellom anna på at Smak av Sogn ser på eit mogleg mathallkonsept.

Les også: Folkemøte om Håbakken - Mange var litt skuffa

– Kuns og kultur som gjæren i kaka

Lærdal kommune er med i det nasjonale pilotprosjektet Levande lokale, saman med Tromsø og Arendal. Her er målet å auka besøksattraktiviteten og skapa fleire tilbod for lokalsamfunn og tilreisande i sentrum. Målet er å etablera nye bedrifter og auka samhandlinga mellom eksisterande bedrifter, for med dette å auka verdiskapinga i lokalsamfunnet.

– Kunst og kultur blir gjerne omtalt som pynten på kaka; her har Tone (Boska, som leier prosjektet, journ.anm.) innført eit nytt omgrep - at det er gjæren i kaka. Berre det me har gjort til no har gitt resultat, får me til alt me vil kan me berre tenkja oss korleis det vil bli, sa Tokvam.

FRUKOSTMØTE: Næringslivsfolk i Lærdal på det siste frukostmøtet i regi av LNU for året.
FRUKOSTMØTE: Næringslivsfolk i Lærdal på det siste frukostmøtet i regi av LNU for året.

Tataki handlar om å skapa ein utviklingskultur og er såleis det minst konkrete av dei tre prosjekta og vil ikkje i seg sjølv skapa etableringar. Tokvam forklara under frukostmøtet korleis dei tenkjer Tataki skal verka inn på næringslivet:

– LNU kan eiga dei innleiande fasane i nye prosjekt og hjelpa til med etableringar, men så må andre inn - elles blir me ståande der me er. Her kjem Tataki inn.

Bakgrunnen for at det er desse tre prosjekta LNU vil bruka mesteparten av tida si framover på forklara Tokvam slik:

– Med har kanskje ikkje alltid vore like gode til å prioritera på det som kan bidra til å nå dei målsetnadane me har sett. Der har me vorte mykje klarare no.

Sluttmålet: 1200 sysselsette og 2300 innbyggjarar i 2020

For i høve dei konkrete målsetnadane når det gjeld sysselsetting i Lærdal var ikkje 2015 eit spesielt godt år. Talet på arbeidsplassar fall med 34 frå året før og ein var 42 under målet på 1100 arbeidsplassar i kommunen. Då skal det seiast at talet på arbeidsplassar vaks kraftig frå 2013 til 2014, så i høve utgangspunktet 2013 var det 48 fleire arbeidsplassar i 2015.

– Me har vakse, men me er eit stykkje frå målet. Dei tre prosjekta me fokuserer på vil ikkje gje effekt i 2017, men for fullt om tre-fire år.

Og sluttmålet er 1200 arbeidsplassar i 2020.

På folketalssida var det vekst i 2015, men det ligg an til nedgang i 2016 - talet Tokvam viste fram var at det er 2154 lærdøler no, 72 under målet på 2226. Målet for år 2020 er 2300 lærdøler og ein kraftig vekst i aldersgruppa 20-40 år, frå 448 som det er i dag til 525 fire år fram i tid. 

– Der har me ein veg å gå, kommenterte Tokvam.

Presentasjonen Tokvam hadde med tittelen «Status for omstillingsprosjektet» utløyste også ein liten debatt. På ein av plansjane stod det følgjande om kva veksten skal basera seg på: «Det natur- og kulturbaserte ressursgrunnlaget skal vera sentralt i alt arbeid med nærings- og samfunnsutvikling, og brukast som fundament for ei breiare satsing på grøn næringsutvikling».

– Skal ikkje vera ekskluderande, men tydeleggjera

Prosjektleiar Lars Petter Nesse i Simas meinte denne formuleringa var for snever:

– Det blir ikkje vits i å halda fram for oss om det ikkje er rom for ei industrietablering i Lærdal - dersom alt skal henga på reiseliv, handverk og landbruk.

REAGERTE: Lars Petter Nesse, prosjektleiar i Simas, meinte formuleringa om kva veksten i næringslivet skal basera seg på var for snever. Her i diskusjon med ordførar Jan Geir Solheim.
REAGERTE: Lars Petter Nesse, prosjektleiar i Simas, meinte formuleringa om kva veksten i næringslivet skal basera seg på var for snever. Her i diskusjon med ordførar Jan Geir Solheim.

Tokvam svara at dei hadde konkludert på ulike måter gjennom tre år no og at denne formuleringa var meint å visa kva som er fundamentet i grunnen, ikkje at det skulle setja stoppar for andre typar næringsutvikling.

– Målsetnaden skal ikkje vera ekskluderande, men tydeleggjera, sa han.

Nesse svara at det var sjølve formuleringa han reagerte på.

– Det er viktig at me kan satsa på noko anna også. Landbruk, handverk og reiseliv må ein halda fram med for full musikk, men den saken der kan tolkast som at det ikkje er rom for noko anna.

Til toppen