FEILPARKERING: Petter Hagen fortel at Årdal lensmannskontor kjem til å ha fokus på bilar som står feilparkert i Årdal i tida framover. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
FEILPARKERING: Petter Hagen fortel at Årdal lensmannskontor kjem til å ha fokus på bilar som står feilparkert i Årdal i tida framover. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Skal ha fokus på folk som feilparkerer

Politiet i Årdal kjem i tida som kjem til å ha fokus på feilparkerte bilar i Årdal. 

Årdal: Det fortel Årdal lensmannskontor på si Facebook side. Dei fleste ser ut til å vere glad for at dette får ekstra merksemd i tida som kjem, og dei fleste er positive til tiltaket.

– Det er fleire som har reagert på det, og så er det folk som reagerer på at me skal prioritere dette framover. Det går begge vegar, men det er tydeleg at folk ønskjer seg ein slik kontroll, seier Petter Hagen ved Årdal lensmannskontor. 

Åtvaringa, om ein kan kalle det for det, kom tidlegare denne veka, og så langt har det ikkje gitt utslag, fortel han. 

Står på handicap-plass

Typiske parkeringsfeil er folk som set frå seg bilen på handicap-plass sjølv om dei ikkje har rett til det. Andre parkerer bilen på sin slik måte at brannbilen ikkje kjem fram i trange gater i byggefelt. 

– Først og fremst prøver me å avskrekka eller informere gjennom media og Facebook. Det har vore laust og fast med lite handheving og fokus, og når bilar står tett opp mot overgangsfelt, noko som gjer at barn på veg til skulen, fort kan få ein bil føre seg, så er ikkje det bra, held han fram.

Forenkla forelegg

Konsekvensane for slik feilparkering er gebyr.

– Og det er ikkje billig. Det er ganske godt timesbetalt for å ta dei ekstra skritta frå den neste parkeringsplassen. Dersom me ser folk parkere feil, og me tar dei på fersken, kan det henda me er greie og gir ei åtvaring. Me ønskjer ikkje å gebyrlegge folk, seier Hagen.

Men det er spesielt éin plass i bygda folk parkerer feil, og då kan det vanke meir enn eit gebyr.

– Det framfor Årdalshallen. Der er det innkøyring forbode, men folk parkerer der. For det første er det ikkje ein parkeringsplass, og for det andre er det køyring mot skilt. Det tilsvarar forenkla forelegg og anmeldelse. Det er dyrare. 

Til toppen