FLEIRE LÆRLINGAR: Fylkestinget vedtok tysdag å auke tal lærlingstillingar frå 14 til 22. Foto: Charlotta Wasteson/www.flickr.com.
FLEIRE LÆRLINGAR: Fylkestinget vedtok tysdag å auke tal lærlingstillingar frå 14 til 22. Foto: Charlotta Wasteson/www.flickr.com.

Skal ha plass til fleire lærlingar i fylkeskommunen

Fylkestinget har vedteke at fylkeskommunen skal auke tal stillingar for lærlingar.

Leikanger: I dag er det 14 slike stillingar i Sogn og Fjordane fylkeskommune, men tysdag vedtok fylkestinget å auke tal stillingar til 22. 

Vedtaket var samrøystes. Fleire slo fast frå talarstolen at offentleg sektor har eit særskilt ansvar her, og at det er avgjerande med læreplassar for at yrkesfagelevar skal få fullføre opplæringa si.

– Fylkeskommunen må gå føre som eit godt døme. Kommunane er også utfordra, og det er eit utruleg viktig signal at fylkeskommunen er offensiv på dette området, sa Gunn Åmdal Mongstad (Sp).

Fylkeskommunen har eit overordna ansvar for fag- og yrkesopplæringa i Sogn og Fjordane. Samstundes har fylkeskommunen også eit ansvar som arbeidsgjevar, og ein del av samfunnsansvaret er nettopp det å vere lærebedrift.

– Elevane våre treng kompetanse og læreplassar, og næringslivet, og offentleg tenesteyting treng dyktige arbeidstakarar, sa Senea Sebanovic (Ap). 

Sogn og Fjordane fylkeskommune har i dag tolv lærlingar innan for IKT-service - og dataelektronikarfaget , ein lærling i hestefaget og ein lærling i kontor- og administrasjonsfaget. Andre lærefag som kan vere aktuelle for fylkeskommunen er byggdriftarfaget, institusjonskokk og barne- og ungdomsarbeidarfaget.

Til toppen