FLUORSKADE: Ein rapport utarbeidd av Veterinærinstituttet basert på resultat av kjeveinnsamlingar syner at 41 prosent av hjorten felt under jakta i Årdal i 2015 hadde fluorskader på tennene. No vil aktørane halde fram med å samle inn kjevar til undersøking. Foto: Illustrasjon.
FLUORSKADE: Ein rapport utarbeidd av Veterinærinstituttet basert på resultat av kjeveinnsamlingar syner at 41 prosent av hjorten felt under jakta i Årdal i 2015 hadde fluorskader på tennene. No vil aktørane halde fram med å samle inn kjevar til undersøking. Foto: Illustrasjon. (Foto: Privat foto)

Skal halde fram med å ta prøvar av hjortekjevar for å sjekke fluorskadar

Etter dei nedslåande resultata for 2015, har Hydro saman med Veterinærinstituttet og viltforvaltar beslutta å halde fram med å samle inn kjevar frå hjort i 2017 og 2018.

Årdal: Ein rapport utarbeidd av Veterinærinstituttet basert på resultat av kjeveinnsamlingar syner at 41 prosent av hjorten felt under jakta i Årdal i 2015 hadde fluorskader på tennene.

Resultatet for 2016 er ikkje klart enno, men Hydro har saman med Veterinærinstituttet og vilforvaltar beslutta å halde fram med innsamlinga av kjevar også i 2017 og 2018. Det fortel fabrikksjef Wenche Eldegard.

– Prosjektet vart eigentleg avslutta i fjor, men på grunn av resultata har me bestemt å halde fram slik at me får fulgt det framover. Dette er viktig for oss, seier Eldegard.

IKKJE VENTA. Leiar i ÅJFF, Vidar Moen, seier han vart overraska av resultata og at noko må gjerast.
IKKJE VENTA. Leiar i ÅJFF, Vidar Moen, seier han vart overraska av resultata og at noko må gjerast.

– Ikkje forventa det resultatet

Det vart gjort studiar på 90-talet av korleis fluorutslepp frå Hydro påverka vilt og husdyr. Den ferske rapporten skildrar uviklinga frå då til no slik:

«Granskingane viser at hjort i Årdal framleis er monaleg fluorbelasta i form av høg førekomst av dentalfluorose og sterk akkumulering av fluor i beinvevet. Samanlikna med tidleg og seint 90-tal er det liten, om nokon, reduksjon i fluorbelasting».

– Eg hadde ikkje forventa dette resultatet etter nedgangen ein såg på 90-talet. Då Å3 forsvann forventa eigentleg alle at fluoren ikkje skulle vera noko problem, seier Vidar Moen, leiar i Årdal Jeger- og Fiskerforening og tidlegare leiar i Årdal elg- og hjorteutval.

Ville finne ut alderen på dyra

Det var heilt tilfeldig at innsamlinga av kjevar i 2013 skulle føre til dette. Utgangspunktet for innsamlinga var først og fremst for å finne ut alderen på dyra i Årdal fordi ein ønskte å få opp tal dyr.

– Det var då Turid Vikøren i Veterinærinstituttet, som stod for undersøkinga på 90-talet, bad om å få kjevane og undersøke dei for fluor. Dei viste at fluorinnhaldet var langt over venta, fortel Moen, som er glad for at Hydro tek skadane på høgste alvor.

Dentalfluorose som det heiter på fagspråket, fører til at individa får intens ising i tennene. Vidare kan dyra få problem med å få i seg føde.

TILTAK: Wenche Eldegard seier Hydro har tiltaka klare i strategiplanen sin og at dei tek resultata på høgste alvor.
TILTAK: Wenche Eldegard seier Hydro har tiltaka klare i strategiplanen sin og at dei tek resultata på høgste alvor.

Har tiltak klare i strategiplanen

Då Hydro Årdal inviterte til nabomøte i kulturhuset onsdag denne veka, gav Eldegard mellom anna ein status for miljøet både på Årdalstangen og i Øvre Årdal. På dei fleste områda ligg Hydro godt innanfor konsesjon.

– Men me forventar at Miljødirektoratet strammar grepet, så me må liggja i forkant og passe på at auke i produksjonen ikkje fører til at me stangar i konsesjonane våre, seier fabrikksjefen.

– Når det gjeld fluor, vart konsesjonen forhøga i 2015, og me låg godt under det året. På grunn av straumutfalla er det enkelte månader me ligg over, men me jobbar ein del no med renseanlegget vårt og prosessane våre og ser at nivået går rette vegen. Dette er høgt på agendaen vår. Rapporten viser at utsleppet har gått ned, men ein ser det ikkje att på hjorten, spesielt på dyra som vandrar i Moa-området. 

– Krevst det investeringar?

– Det gjer det, og det har me i planane våre på ein del område. Me har kartlagt kva som må til for at me skal møta utfordringane og krava me veit vil koma. Dei investeringane er inne i strategiplanen vår, svarar Eldegard.

Naturen er beste indikator

Moen er heilt klar på at noko må gjerast.

– Uansett målemetode og korleis ein presenterer det, er den beste indikatoren hjorten og naturen. Det handlar om å få gode data slik at ein kan gjera noko – for ein må gjera noko.

Til toppen