Sogndal: – Me er svært heldige som har fått med oss tre dyktige legar på konferansen, seier leiar i Brystkreftforeningen Sogn, Lindis Alme.
Temaet gjennom heile konferansen handlar om korleis ein kan førebygga kreft.
– Dette er eit tema som gjeld alle. Det hjelpe veldig om ein har litt kunnskap om kreft og korleis ein kan førebygga det, seier Alme.
Dei tre som skal oppdatere folk på siste nytt innan kreft og forkning er Tor Andre Johannessen, Oddvar Sviggum og Dag Rieve-Kristiansen. Johannessen skal fortelja om media sin innverknad på helsenyheiter, Sviggum om hormonar i overgangsalderen og forskning rundt dette, mens Rieve-Kristiansen tar for seg temaet HPV som er ei gruppe virus ein kan få gjennom ubeskytta seksuell aktivitet.
– Me i Brystkreftforeningen Sogn har alle hatt kreft og veit kor forferdeleg det er. Vi jobbar med å hjelpe dei som er medlemmar, men har også som mål å førebygga. Vi håpar derfor at flest mogleg kjem til Høgskulen i Sogndal no i ettermiddag, seier Alme.