EKSTRA: Finansminister Siv Jensen og dei andre som jobbar med statsbudsjettet har gitt seg sjølve ti dagar ekstra fot å koma i hamn. Arkivfoto
EKSTRA: Finansminister Siv Jensen og dei andre som jobbar med statsbudsjettet har gitt seg sjølve ti dagar ekstra fot å koma i hamn. Arkivfoto

Skal jobba ti dagar ekstra med statsbudsjettet

Stortinget gir seg sjølv ti dagar ekstra på å forhandle fram semje om neste års statsbudsjett.

  • Endret

– Fristen for når finanskomiteen skal legge fram si innstilling, er utsett til 28. november. Det betyr at vi gir oss sjølv ti dagar ekstra, seier Framstegspartiets finanspolitiske talsmann Hans Andreas Limi til NTB.

Det betyr i praksis at budsjettforhandlingane mellom regjeringspartia og Venstre og KrF må vere i hamn søndag 20. november.

Opphavleg var finanskomiteens frist 18. november, mens hovudtala i statsbudsjettet skulle bli vedtatt i Stortinget 24. november.

Nye møtedatoar vil etter det NTB får opplyst bli vedtatt av Stortingets presidentskap tysdag til veka. Truleg vil budsjettbehandlinga i stortingssalen no skje måndag 5. desember. (©NPK)

Til toppen