KARTLEGGING AV FOLKEHELSE: Sogn og Fjordane fylkeskommune skal kartleggje livskvalitet og levekår for alle elevane ved dei vidaregåande skulane i fylket.​ Foto: Truls Grane Sylvarnes (Arkiv).
KARTLEGGING AV FOLKEHELSE: Sogn og Fjordane fylkeskommune skal kartleggje livskvalitet og levekår for alle elevane ved dei vidaregåande skulane i fylket.​ Foto: Truls Grane Sylvarnes (Arkiv).

Skal kartleggje livskvaliteten til elevane i fylket

Sogn og Fjordane fylkeskommune skal kartleggje livskvalitet og levekår for alle elevane ved dei vidaregåande skulane i fylket.

Fylket: Gjennom undersøkinga Ungdata skal dei dekkje heilskapen i liva til ungdomane. Undersøkinga er ein del av folkehelsearbeidet i fylkeskommunen. 

– Barn og unge er ei særskilt viktig målgruppe i livskvalitetsarbeidet vårt, sidan mykje av grunnlaget for seinare mestring og deltaking blir skapt i den livsfasen, seier spesialrådgjevar innan folkehelse, Anne-Lene Norman.

Undersøkinga skal ta føre seg eit breitt spekter av tema, alt frå foreldre og vener til rusmiddelbruk og fritidsaktivitetar.

Kommunar og fylkeskommunar er lovpålagte å ha oversikt over folkehelsa for innbyggjarane sine. Dette skal vere ein del av grunnlaget for samfunnsplanlegginga når det gjeld barn og ungdom. 

Også kommuner vert oppmoda om å køyre den same undersøkinga på ungdomsskuleelvar for å få eit best mogleg grunnlag. Både Årdal og Aurland har nytta Ungdata-undersøkinga i løpet av dei tre siste åra.

I 2017 har 15 kommunar i fylket sagt seg villige til å vere med. I Sogn gjeld dette kommunane Aurland, Leikanger, Vik og Luster. 

Til toppen