JUBILEUM: Spira Svendsen, informasjonsansvarleg ved Sogn Jord- og Hagebruksskule, fortel at jubileumsmiddagen i september vil bli til mellom anna her i eldhuset på Sogn Jord- og Hagebruksskule. Foto: Ole Ramshus Sælthun
JUBILEUM: Spira Svendsen, informasjonsansvarleg ved Sogn Jord- og Hagebruksskule, fortel at jubileumsmiddagen i september vil bli til mellom anna her i eldhuset på Sogn Jord- og Hagebruksskule. Foto: Ole Ramshus Sælthun

Skal laga sin eigen festmiddag til 100-årsjubileumet

Tre dagar til ende skal Sogn Jord- og Hagebruksskule feira sine 100 år. Festmiddagen skal lagast av deltakarar på jubileumet, av skulen sine eigne råvarer.

Aurland: – Det blir ei stor feiring 21-23. september. Første dagen vil det handla om fortida, andre dagen om notida og tredje dagen om framtida, seier Spira Svendsen, informasjonsansvarleg ved Sogn Jord- og Hagebruksskule.

I 2017 er det hundre år sidan amtsagronom Jens Lunde grunnla Sogn Jord- og Hagebruksskule. Første dagen av jubileumsfeiringa i september vil deltakarane bli betre kjende med den framsynte aurlendingen.

Les også: Økoskulen i Aurland feirar hundre år

– Første dagen vil me opna ein vakker jubileumshage med mellom anna gamle stauder. Og me vil syna fram ei utstilling om skulen si historie. Etterpå blir det ein kulturkveld med lansering av jubileumsskrift, levande musikk og forteljing om Jens Lunde.

– Lektor ved skulen, Jorunn Barane, har intervjua svigerdotter Ingeborg Lunde og son hennar Jens Lunde, så det er historier frå desse som blir formidla, fortel Svendsen.

Skal laga festmiddag med workshops

Programmet på dagtid ute på skuleplassen er ope for alle, medan kulturkvelden blir for spesielt inviterte grunna plassavgrending

Andre dag, fredag 22.september, handlar det om notida. Her kan den som vil melda seg på ulike workshops.

– Gruppene skal laga til for festmiddagen på kvelden. Dei ulike workshopane er ikkje bestemt akkurat kva vil gå ut på, men til dømes vil nokre kunne laga flatbrød, sauebollar og kalvedans i eldhuset, andre ferskost og is i ysteriet.

Artikkelen held fram under biletet

IKON: Aurland er kjend for geiter, ysting og geitost - det fascinerande dyret er såleis også sentralt for jord- og hagebruksskulen, som mellom anna har logo med ei geit i profil.
IKON: Aurland er kjend for geiter, ysting og geitost - det fascinerande dyret er såleis også sentralt for jord- og hagebruksskulen, som mellom anna har logo med ei geit i profil.

– Nokre kjem nok til å hausta grønsaker som blir serverte på kvelden, og andre laga blomedekorasjonar i gartneriet. Slik skapar alle som er med ein festkveld saman, forklarar Svendsen.

Det blir også open gard med aktivitetar for småbarnsfamiliar. I tillegg ein seanse med talar, kulturelle innslag og overrekking av nøklar ettersom skulen blir omfattande renovert i desse dagar, eit arbeid som skal vera ferdigstilt til det nye skuleåret.

– Dagen blir avrunda med festmiddag og dans på kvelden, her kan kven som helst melda seg på, fortel Svendsen.

Lokalt, regionalt, nasjonalt og internasjonalt

Laurdag 23. september er framtida i fokus. Då blir det visjonsseminar med ulike inspirasjonsføredrag med lokalt, regionalt, nasjonalt og internasjonalt perspektiv.

– Me ønskjer å henta inn inspirerande ressurspersonar som skal halda desse føredraga. Deretter deler deltakarane seg i fire grupper fordelt på dei fire perspektiva. Kvar gruppe jobbar med konkrete utviklingsspørsmål. Til slutt møtast alle gruppene og deler det dei har jobba fram.

Som døme nemner Svendsen at eit føredrag med regionalt perspektiv kan handla om bêrekraftig reiselivsutvikling.

– Me vil dra inn ulike samarbeidspartnarar. Framtidsdagen skal ikkje vera veldig svevande, det blir rimeleg konkret - som bêrekraftig reiselivsutvikling er.

Jubileumsfeiringa vil slik sett reflektera skulen si historie, skulen sin posisjon og skulen sin grunnidè på mange plan. Festmiddagen skal altså lagast gjennom samarbeid, basert på lokale råvarer – slik det blir jobba kvar dag på jord- og hagebruksskulen. 

Og ein tek  føre seg dei ulike tidsperspektiva fortid, notid og framtid.

100 ÅR: Sogn Jord- og Hagebruksskule vil feira på nett heile året gjennom. Pressefoto
100 ÅR: Sogn Jord- og Hagebruksskule vil feira på nett heile året gjennom. Pressefoto

– Når me no blir hundre år handlar det like mykje om å sjå framover som bakover. Ein del tenkjer at økotankegangen er gamaldags og lite innovativ. Me meiner det er stikk motsett; økologisk landbruk kan vera løysinga på mange av framtidas problem.

– Kommunen og skulen gjensidig viktig for kvarandre

Her kjem dei ulike perspektiva frå lokalt til globalt inn; det som skjer lokalt får noko å seia globalt.

– Gjennom CO2-lagring i økologisk landbruk møter ein klimautfordringane. Produksjonsmetoden med fleire ulike vekster framfor einsidig dyrking som skapar monokulturar i industriprega landbruk gjer at ein motverkar erosjon og tap av landbruksjord – som mange stader i verda sender folk på flukt fordi jorda og ressursgrunnlaget forsvinn. Og det handlar om å tilby trygg mat lokalt.

Lokalt, sett frå Aurland, har Sogn Jord- og Hagebruksskule hatt ein viktig posisjon med mange arbeidsplassar og gitt tilflyttarar kvart år - folk som har starta som elevar ved skulen og i framhaldet busett seg i kommunen, gjerne også etablert si eiga verksemd der.

– Kommunen har vore viktig for skulen, og skulen har vore viktig for kommunen, oppsummerer Svendsen.

Skulen fyller også hundre år på eit tidspunkt då framtida ser betre ut enn på fleire tiår. Nedleggingsspøkjelset som har ligge tungt over skulen meiner Svendsen no har forsvunne, etter at kommune, stat og fylkesting i 2014 anerkjente skulen si viktige rolle ved å løyve til saman 30 millionar kroner til opprusting.

Les også: Jari kan boltra seg på flunkande nytt kjøken

Feiring heile året gjennom

– Me kjem til å vera kompetansesenteret for økologisk landbruksutdanning i framtida også. Som døme på at mange no byrjar å få augo opp for økologisk landbruk kan nemnast at Søgne vidaregåande skule utanfor Kristiansand vil leggja om til heiløkologisk drift for å redda seg sjølve.

– Det ser me ikkje på som konkurranse fordi me har drive med det her så lenge. Me har bygd opp ein unik kompetanse i løpet av de 30 årene me har drive økologisk, og håper at dette i framtida vil koma mange andre landbruksskular til gode.

Sogn Jord- og Hagebruksskule er den einaste heiløkologiske skulen i landet i skrivande stund. Paradoksalt nok var det også den første skulen som i si tid starta med kunstgødsel - og den første som slutta med det. 

Då skulen på 80-talet byrja å leggja om drifta til økologisk, var dei også framsynte her. Dette gjennomgripande ønskjet om å utvikla seg vil ein få nærare innsyn  i, både om ein deltek på sjølve jubileumsfeiringa og om ein følgjer med skulen på nett.

– Me vil feira heile året gjennom ved å leggja ut arkivbilete, historier og fun facts på skulen sine Facebook- og nettsider, avsluttar Svendsen.

Til toppen