TEAM: Her er aggregat-teamet til Østerbø Maskin AS utanfor verkstaden i Sløvåg. Frå venstre: Ivar A. Garmann, Jetmund Høsteland, Jostein Birkeland, Lars-Åge Rasch, Pawel Ziolkowski, Arve Søreide og Magne Halland
TEAM: Her er aggregat-teamet til Østerbø Maskin AS utanfor verkstaden i Sløvåg. Frå venstre: Ivar A. Garmann, Jetmund Høsteland, Jostein Birkeland, Lars-Åge Rasch, Pawel Ziolkowski, Arve Søreide og Magne Halland (Foto: Østerbø Maskin AS)

Skal levere reservekraft til havbrukssatsing

Østerbø Maskin AS har sikra seg  ein avtale om å vere med i den vidare bygginga av eit stort postsmoltanlegg i Ryfylket.

Høyanger/Gulen: –  Vi er stolte over å få tilliten på byggetrinn to ved postsmoltanlegget Tytlandsvik Aqua. Det viser at vi har gjort noko rett då vi leverte til byggjetrinn 1 i 2019, fortel Magne Halland, leiar for aggregat hos Østerbø Maskin AS i ei pressemelding. 

Avtalen inneheld også opsjon på byggetrinn 3. Alle dei tre byggetrinna inneber leveranse og montasje av reservekraftanlegg. 

Teknisk leiar hos Tytlandsvik Aqua, Jone Sederberg, seier god oppfølging frå Østerbø Maskin er årsaka til at dei valde å teikne ein ny avtale med verksemda, som har avdelingar på Østerbø i Høyanger og i Sløvåg i Gulen. 

– Østerbø har vore raskt på plass ved behov for oppfølging og service, og det er avgjerande for eit anlegg som vårt. Alt må fungere til ei kvar tid, seier Sederberg. 

Østerbø Maskin skal leverer ein totalpakke med straumaggregat, diesel, ventilasjon, eksos, kjøling, igangkøyring og opplæring. 

– Vi har no levert til mange store landbaserte oppdrettsanlegg og har god erfaring med kva næringa treng, avsluttar Halland.

Til toppen