KLAR TALE: – Sjøl om mykje er usikkert, må me byggje vurderingane våre, og vedtaka våre, på det me veit, og ikkje la uvissa gjera oss handlingslamma, skriv Kåre Rudningen i denne kronikken.
KLAR TALE: – Sjøl om mykje er usikkert, må me byggje vurderingane våre, og vedtaka våre, på det me veit, og ikkje la uvissa gjera oss handlingslamma, skriv Kåre Rudningen i denne kronikken. (Foto: Arkiv)

– Skal me sanere for skrantesjuke, må me gjera det no!

Fem spørsmål, fem svar og ein klinkande klar konklusjon i denne kronikken frå tidlegare veterinær i Lærdal, Kåre Rudningen.

  • Endret

Kronikk: Refleksjonar rundt viktige spørsmål eg møter hjå folk som er opptekne av villreinen i Nordfjella.

1. Er reinen i Nordfjella sone 1 avgrensbar?

KLART JA: Kåre Rudningen (til høgre) meiner det hastar med å sanere villreinflokken i Nordfjella.
KLART JA: Kåre Rudningen (til høgre) meiner det hastar med å sanere villreinflokken i Nordfjella.

Spørsmålet me må stille oss er ikkje om dyra er 100% isolerte, men om stamma kan avgrensast i ein so stor grad at overføring av prionar til anna hjortevilt blir lite sannsynleg. Svaret må sjølvsagt byggjast på kunnskapen om at reinen er eit nomadisk dyr, der kvar stamme streifar rundt i fjellet og der møte med anna hjortevilt sjeldan skjer. Menneskeskapte vandringshinder har effektivt stengd dei fleste trekkruter mellom ulike villreinområde. Samanlikna med hjorten og elgen, kan alle villreinstammene kallast avgrensbare i varierande grad. Legg so til at denne vurderinga må avspegle tidsrommet me snakkar om. For sjølvsagt er det slik at til lengre tidsspenn me tek utgangspunkt i, til meir sannsynleg er det at populasjonen får kontakt med andre. For meg gjev det god meining å karakterisere reinen i sone 1 som avgrensbar i CWD-samanheng. Sikrare avgrensing blir det med gjerde på Hemsedalsfjellet, tiltak på salteplassar og redusering av hjortestamma i Lærdal og i Aurland.

2. Er skrantesjuka i Nordfjella ein smittsam variant?

For eitt år sidan, då me hadde funne ei simle i Nordfjella og to elgar i Trøndelag, var dette eit høgst aktuelt spørsmål. Funna av to andre sjuke reinar og vidare undersøking av av både prionar og vertsdyr, gjer at svaret no er blitt eit klart ja. Vitskapskomiteen slår fast at me har eit sjukdomsutbrot i sone 1. For trøndelags-elgane kan ein ikkje konkludere sikkert enno.

3. Kva veit me om smitte hjå andre villreinpopulasjonar, hjå hjort, tamrein og elg?

I sone 1 har me ein førekomst på rundt 1%. Ingen annan populasjon av hjortedyr her i landet har tilsvarande høg førekomst, kan det sjå ut til. Det er no undersøkt over 12000 hjortedyr. Av desse er det rundt 2700 tamrein. Alle med den minste innsikt i problematikken, veit at dette er for lite til å friskmelde andre populasjonar. Ein slik «attest» kan me ikkje skrive ut før etter årevis med målretta testing. Og 100% sikre vil me aldri kunne bli. Likevel er testresultata opplyftande. Tek me Hardangervidda som eksempel, er 260 dyr testa, alle negative. Dersom sjukdommen var like vanleg der som her i Nordfjella, skulle me ha funne nokre få i eit sopass stort utval. Den reinsdyrflokken som er best undersøkt på verdsbasis, er reinen til Filefjell, der 200 dyr er testa, alle negative.

4. Er Nordfjellareinen ein særeigen genetisk variant?

Nei, diverre. Innføringa av magasinrifler utrydda nesten villreinen ved forrige hundreårsskiftet. Mesteparten av genene til Nordfjellareinen kjem frå tamrein som vart innført i mange omgangar frå 1700-talet og utover. Årleg har dyr frå Filefjell blanda seg inn i flokken vår. Genetisk er reinen vår ganske lik reinen på Hardangervidda.

5. Kva risikerer me viss me ventar?

Konsekvensane vil først melde seg etter mange år. Men me risikerer at førekomsten i Nordfjellareinen vil auke, dødsraten blir til slutt høgare enn fødselsraten, ingen kan jakte. Hjort og elg vil bli smitta, og smitten vil gradvis spreie seg over heile Fennoskandia. Reindrift og samisk kultur kjem i spel. Bufe kan ikkje beite i utmark. Rett nok kan ingen sikkert seie kor mykje av dette som vil skje. Like lite som nokon kan garantere at alt går vel.

Vil me gjera noko, må me handle no!

Sjøl om mykje er usikkert, må me byggje vurderingane våre, og vedtaka våre, på det me veit, og ikkje la uvissa gjera oss handlingslamma. Oppsummert veit me dette: I Nordfjella sone 1 har 1% av dyra smittsam skrantesjuke. Det er ikkje oppdaga smitte utanfor Nordfjella eller på andre artar. Reinen i sone 1 er avgrensbar. Reinen i sone 1 utgjer rundt 10% av norsk villrein og er genetisk lik reinen på Hardangervidda. Erfaring frå Amerika tilseier at det er mogeleg å utrydde smitten ved sanering dersom ein handlar tidleg i sjukdomsutbrotet. Sjansen for å lykkast med sanering, minskar med tida, år for år. Konsekvensane av å vente er uvisse, men uhyggelege.

Det er tid for sanering no!

Til toppen