NØGD: Karbonsjef Rune Breidvik er svært nøgd med at det er ved karbonverket på Årdalstangen anodane til karmøypiloten skal produserast. Foto: Ole Ramshus Sælthun
NØGD: Karbonsjef Rune Breidvik er svært nøgd med at det er ved karbonverket på Årdalstangen anodane til karmøypiloten skal produserast. Foto: Ole Ramshus Sælthun

Skal produsera anodane til karmøypiloten

Årdal metallverk karbon har fått 39,5 millionar kroner til å rusta fabrikken for den storstilte anodeproduksjonen. 

Årdal: – Det er ei tillitserklæring og til karbon spesielt. Veldig mykje er på rett veg på karbon; me har svært god kvalitet på anodan. Me vil vera den føretrukne leverandøren til alle, men det er spesielt kjekt at me får produksjonen til piloten ettersom det må vera prima vare, seier fabrikksjef Wenche Eldegard ved Årdal metallverk.

Karmøypiloten skal verifisera verdas mest klima- og energieffektive produksjon av primæraluminium. Samla kostnader for prosjektet er 4,3 milliardar kroner, og karbonverket på Årdalstangen skal produsera anodane til produksjonen. For å rusta fabrikken for dette har dei fått 40 millionar kroner frå Hydro sentralt.

Les også: Hydro byggjer pilotanlegg på Karmøy

– Det er først og fremst snakk om utbetring på transportsida og utblokking av flaskehalsar. Dette er viktig - investeringa er ein ting, men det viser at Årdal sine anodar er ettertrakta. Me har levert over tid - det er karbon saman med forskingsmiljøet på PMT (Primary metal technology) som har gjort ein veldig god jobb. Karbon har fått veldig mykje kjeft dei seinare åra, men no er det nesten så eg må dempa rosen, seier Eldegard.

– Heilt anna fabrikk

I år ligg karbonverket an til ein produksjon på 190 000 anodar, noko som er ny rekord. Spesielt på miljø- og kvalitetssida er det gjort ein stor jobb. Og med dei 39,5 friske millionane vil det bli store utbetringar. 

– Det blir ein heilt anna fabrikk, eit mykje meir framtidsretta anlegg. Eg er veldig nøgd - me har jobba gjennom heile året for dette, det fell ikkje på plass av seg sjølv. Det er snakk om mykje arbeid og planlegging, seier karbonsjef Rune Breidvik. 

Det er sokalla 1700-anodar som skal produserast for karmøypiloten. 

– Det er den vegen det går for alle fabrikkar - større anodar for å køyra opp og få meir straum og vidare få mest mogleg ut av fabrikkane, seier Eldegard.

Artikkelen held fram under biletet

TILLIT: Fabrikksjef Wenche Eldegard er svært glad for tilliten som er vist Årdal metallverk ved at karbonverket får anodeproduksjonen til prestisjeprosjektet.
TILLIT: Fabrikksjef Wenche Eldegard er svært glad for tilliten som er vist Årdal metallverk ved at karbonverket får anodeproduksjonen til prestisjeprosjektet.

Sikrar arbeidsplassar

Ho fortel det har vore det beste produksjonsåret både på kvalitet og miljø for karbonverket.

– No har ein knekt koden i lag med PMT. Det er gull verdt å ha eit forskingsmiljø så nært. Alle pilene peikar i rett retning. 

Det blir ikkje fleire arbeidsplassar i denne omgangen, men opprustinga sikrar arbeidsplassar.

– Det sikrar konkurranseevna og då sikrar det arbeidsplassar. Karmøypiloten er eit prestisjeprosjekt og Årdal metalverk får stor tillit her. Me ser lyst på framtida. Så skal Rune trygga at me ligg i øvste sjiktet kvalitetsmessig, seier Eldegard.

– Det er det jobbar me med kvar dag, seier Breidvik.

 

Til toppen