KLAR TIL DYST: Øystein Lindesteg Rinde tok over som Kaupanger-trenar etter nyttår og har ambisjonar om å ta fylkets beste damelag rett opp att i 1. divisjon. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
KLAR TIL DYST: Øystein Lindesteg Rinde tok over som Kaupanger-trenar etter nyttår og har ambisjonar om å ta fylkets beste damelag rett opp att i 1. divisjon. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Skal prøva å ta Kaupanger rett opp att i 1. divisjon

Damelaget til Kaupanger måtte ta turen ned ein divisjon i fjor. No skal Øystein Lindesteg Rinde prøve å ta laget rett opp att.

Lærdølen starta i den nye jobben som trenar for damelaget til Kaupanger rette etter nyttår. Etter tre månader med sesongførebuingar er det berre nokre veker att til sesongen vert sparka i gong.

– Eg synest det har gått veldig bra samanlikna med då me byrja og til no. Me har hatt mykje bra arbeid, trent godt og kome godt i gong. Me er i rute, men ikkje resultatmessig i treningskampane. Me utviklar eit nytt spel, og då tar det litt tid, seier Rinde til Porten.no. 

Betre framføre mål

MÅL: Rinde seier laget må scora meir mål dersom dei vil nå ambisjonane sine.
MÅL: Rinde seier laget må scora meir mål dersom dei vil nå ambisjonane sine.

Stemninga i troppen verkar lett og ledig, sjølv om ei måtte gi seg på grunn av ein smell. Nokre meter vekke øver spelarane hans på å skyte. Det høyrest kanskje dumt ut, men han trekker fram det å score mål som viktigast for å lykkast. 

– Det me har sett til no er at me scorar for lite, men viss det løsna, skal me bli vanskelege å slå. Me dominerer ofte banespelet mot god motstand. Det er ikkje der problemet ligg, men å få ballen i mål, seier han.

Kjenner presset

Det er også noko som må plass dersom både han og klubben skal nå ambisjonane sine. Då Kaupanger rykte ned, var målet klart: Laget skal rett opp att i 1. divisjon. Som det beste damelaget i fylket, er det lett å forstå.

LES OGSÅ: Lærdal må trekke seniorlaget i fotball

– Press er det alltid, men eg tykkjer det er moro. Det er ikkje noko problem, slik må det vera. Ambisjonen er å rykke opp på første forsøk. Om me klarar det, veit eg ikkje, men me skal prøva å vinna kvar kamp, og gjer me det, så er det naturleg at me ender høgt på tabellen, ler han.

Artikkelen held fram under biletet.

PRESS: Som trenar for fylkets beste damelag, kjenner Rinde litt på presset, men seier det berre skulle mangle.
PRESS: Som trenar for fylkets beste damelag, kjenner Rinde litt på presset, men seier det berre skulle mangle.

– Dette må me berre takla. Me rykte ned i fjor, og eg håpar me skal bli enda bedre enn då. Eg har ambisjonar om å få ein tydelegare spelestil og meir ballbesittande fotball, og så må me bli betre i siste tredjedel.

Rinde har lang fartstid i lokalfotballen etter mange år som spelande trenar i Lærdal. Allereie då han var 21 år, tok han over A-laget. Etter nokre år vekke, tok han over laget att i fjor før han no hoppa på Kaupanger-jobben.

– Damene høyrer betre etter

Sjølv om han framleis held fram innan same idretten, er det ein vesentleg forskjell. No trenar han damer i staden for menn. 

– Det viktigaste er at fotball er fotball anten det er menn eller damer. Det er heilt likt. Eg køyrer same opplegget, men med enda meir trøkk her. Her kan eg krevja meir, og det er eit positivt teikn. 4. og 5. divisjon er meir hobby. Me prøver å vera eit satsingslag og ha litt kvalitet.

Artikkelen held fram under biletet.

HØYRER ETTER: Sjølv om fotball er fotball, merkar Rinde visste forskjellar på å trena damer og herrar. Damene høyrer betre etter blant anna.
HØYRER ETTER: Sjølv om fotball er fotball, merkar Rinde visste forskjellar på å trena damer og herrar. Damene høyrer betre etter blant anna.

– Men det er meir samtale her, og ein må snakka meir med spelarane. Det er litt annleis. Du får meir ut av dette. Dei er meir lojale, trøkker til meir og vil meir, og så høyrer dei mykje betre etter, smiler han.

Så gjenstår det eigentleg berre å sjå om Rinde og Kaupanger lykkast med ambisjonane sine. 11. april sesongopnar dei borte mot Hinna.

Porten.no vil følgje lærdølen gjennom den komande sesongen og jamnleg halde deg oppdatert. 

 

Til toppen