Årdal: Banken legg torsdag fram eit godt resultat etter skatt på 268 millionar kroner etter dei første ni månadane av året. Det er 41 millionar kroner høgare enn på same tid i fjor, skriv Sparebanken Sogn og Fjordane i ei pressemelding.
Samstundes melder banken at endringar i kundeåtferd gjer at dei no skal kutte i tal lokalkontor. I dag har banken 22 kontor i Sogn og Fjordane og eitt i Bergen. I Indre Sogn har dei kontor i Årdal, Sogndal og Leikanger.
– Me er tydelege på at me kjem til å gjere endringar og leggje ned kontor, men ønskjer ein grundig og god prosess. Dette berører tilsette og kundar. No har me brukt ein månad på å dykke ned og få fram fakta og kunnskap, og no startar diskusjonen, seier administrerande direktør Trond Teigene til Porten.no.
Artikkelen held fram under biletet.

– Må bruke sunn fornuft
Ut frå diskusjonane vil ein kome nærare fram til kva kontor og kor mange. Førebels er dette uvisst. Først mot slutten av november i år vil dette vere klart.
– Kva vert lagt vekt på i ein slik diskusjon?
– Det me ser er at det er vanskeleg å bruke bestemte kriterium. Det er store variasjonar, men det er klart me vil sjå på kundegrunnlag, marknadsområde og geografi, svarar han og legg til:
– Det blir ei heilskapsvurdering, der me må bruke sunnfornuft. Det er viktig å tenkje framover og på kundebehovet slik at me kan betene marknaden og møte endringane i næringa vår.
Ingen oppseiingar
Endringane i kundeåtferda skuldast enkelt og greitt at kundar flest ikkje brukar kontora i like stor grad lenger, men heller bank på mobil og på nett. Men sjølv om det vert kutt i tal kontor, er det ikkje venta at det vil medføre oppseiingar av tilsette.
– Det er ikkje ein del av mandatet i prosjektet. Me har veldig sterk vekst og tar heile tida større marknadsdelar, noko me er imponert over. Krafta i den veksten ligg i dei tilsette som jobbar på kontora. Det er dei som gir veksten. Det som dette handlar om er å samla desse i eit større miljø slik at dei skal vinne kampen om kundane i framtida, seier Teigene.
God utvikling
Når det gjeld det gode resultatet banken legg fram, skuldast det god utvikling på finansielle postar og framleis sterk vekst i utlån. Også dotterselskapet Eigedomsmekling Sogn og Fjordane har høg aktivitet med sitt beste kvartal nokon sinne målt i omsetnad.
For å sikre at banken no har kapasitet til å følgje opp næringsliv og privatmarknaden i fylket, vurderer dei no å hente inn meir eigenkapital frå eksisterande eigarar.