FÅR BETRE TRAPPETRINN: Når stien i Aurlandsdalen vert rusta opp skal mellom anna trappetrinna ved Orestrengen utbetrast. Foto: Snædis Laufey Bjarnadottir.
FÅR BETRE TRAPPETRINN: Når stien i Aurlandsdalen vert rusta opp skal mellom anna trappetrinna ved Orestrengen utbetrast. Foto: Snædis Laufey Bjarnadottir.

Skal ruste opp stien i Aurlandsdalen

Nærøyfjorden Verdsarvpark fekk det dei hadde søkt om i støtte til trygg og kvalitativ ferdsel i Aurlandsdalen.

Aurland: Stiftinga søkte fylkeskommunen om tilskotsmidlar til å gjennomføre konkrete tryggleikstiltak i terrenget langs hovudstien i Aurlandsdalen.

RUSTAR OPP TURSTIEN: Prosjektleiar Snædis Laufey Bjarnadottir.
RUSTAR OPP TURSTIEN: Prosjektleiar Snædis Laufey Bjarnadottir.

Prosjektleiar Snædis Laufey Bjarnadottir seier til Porten.no at det er meir ålmenn ferdsel enn før, noko som krev meir vedlikehald av stien.

– For nokre år sidan gjekk det også eit ras i Holmaberget som øydela delar av terrenget, slik at stien må leggast om, fortel ho.

Bjarnadottir forklarer vidare at nokre av tiltaka skal vere førebyggjande til å unngå ulukker. Ved Orestrengen skal det fiksast trappetrinn slik at det vert mindre fare for å snuble utfor kanten. Elva ved Kraokegrovi får også ein vaier då den kan vere vanskeleg å krysse etter store nedbørsmengder.

Heile prosjektet har i følgje søknad ein totalkostand på 280 000 kroner. Av summen er 80 000 kroner tilskot frå fylkeskommunen.

Mange dagsturistar

Stien frå Østerbø til Vassbygdi er om lag 19 kilometer lang. Bjarnadottir seier det er mange som parkerer i Vassbygdi og tek bussen til Østerbø for å gå stien som dagstur. Ho seier det er alt frå barnefamiliar til turistar frå utlandet som vel gå den flotte Aurlandsdalen.

– Turistane tek innover seg den flotte naturen og landskapet, legg ho til.

Til toppen