LITTERATURKVELD: Sogndal kulturhus skal satse meir på litteraturkveldar utover våren. Torsdag 2. mars skal Øystein Vidnes og Katrine Sele samtale om frykt, einsemd og kva som skjer når ein ikkje lenger har noko å tape. 
LITTERATURKVELD: Sogndal kulturhus skal satse meir på litteraturkveldar utover våren. Torsdag 2. mars skal Øystein Vidnes og Katrine Sele samtale om frykt, einsemd og kva som skjer når ein ikkje lenger har noko å tape. 

Skal satse meir på litteratur i Blaoboksen​

Torsdag vert det litteraturkveld i Blaoboksen i Sogndal kulturhus.

Sogndal: Hit kjem omsetjar og forfattar Øystein Vidnes og bokbadar og forfattar Katrine Sele for å samtale om frykt, einsemd og kva som skjer når ein ikkje lenger har noko å tape.

– Litteratur har allereie ein viktig plass i Sogndal kulturhus gjennom Sogndal bibliotek, men framover vil me òg nytte Blaoboksen til litteraturaktivitet. Styret i kulturhuset har teke ansvar for satsinga, og frå våren 2017 testar me i samarbeid med Sogndal bibliotek og Høgskulebiblioteket i Sogndal ut litteraturkveldar, skriv kulturhuset i ei pressemelding.

Dei fleste kjenner til denne historia, som i 1818 var verdas første science-fiction-roman og sjokkerte lesarane.
Dei fleste kjenner til denne historia, som i 1818 var verdas første science-fiction-roman og sjokkerte lesarane.

– Me startar med med ein kveld der fokuset er på Mary Shelly sin Frankenstein som nettopp er utgjeve i nynorsk utgåve gjennom Skald sin serie Nynorske klassikarar. 

Om endelaus einsemd

Dei fleste kjenner til denne historia, som i 1818 var verdas første science-fiction-roman og sjokkerte lesarane. 19 år gamle Mary Shelly hadde dikta fram vitskapsmannen Frankenstein og det namnlause monsteret hans, karakterar som skulle stå som malar for framtidige grøss og lære oss viktige lekser sjølv 200 år seinare. 

Historia handlar først og fremst om endelaus einsemd og utanforskap og om ansvaret ein har for det ein gir liv til. Nettopp dette skal dei to forfattarane diskutere i det vide og det breie.

Fleire litteraturkveldar

Øystein Vidnes er designar, forfattar, omsetjar og illustratør, opphaveleg utdanna litteraturvitar. Vidnes har omsett Frankenstein eller den moderne Prometevs til nynorsk. Han står også bak designet av SKALD sin nye klassikarserie, saman med Andreas Töpfer. 

Katrine Sele er forfattar, prisløna journalist og driven bokbadar. Ho arbeider som rådgivar på Høgskulen på Vestlandet, seksjon for forsking og utvikling. 

Allereie 16. mars er det ny litteraturkveld i Blaoboksen. Då kjem Hallgrim Berg og Georg Arnestad for å snakke om «parlamenturismen», medan Gunnar Staalesen kjem til Sogndal i slutten av april.

Til toppen