– Skal sauehaldet gå frå gull til gråstein?

– Skal sauehaldet gå frå gull til gråstein?

– Me tolar ikkje mange slike somrar med så store tap av sau som i fjor. Kvar er dyrevelferda når over 600 sau vart teken av jerv i 2014, seier Per Bjørkum i Naddvik sankelag i Årdal.

Siri Benjaminsen og Per Bjørkum ved Natvik gard var vertskap då miljø- og klimaminister Tine Sundtoft (H) og stortingsrepresentant Bjørn Lødemel (H) kom luftvegen til Naddvik i Årdal onsdag. 

Utgangspunktet for turen er utfordringane knytta til jerv og sau i Indre Sogn. Målet er å lytte og sjå med eigne auger for å få ei betre oversikt over sitasjonen. Sundtoft og Lødemel såg begge spor etter jerv på turen dei hadde i fjella før dei stoppa i Årdal.

Etterlyser endring i rovviltforvaltninga

– Me er ekstra utsett for jerv frå region 3 Oppland og me er usikre på kor stor jervbestanden er, men det virkar som den er aukande. Ut frå rovviltforliket er det beitedyr som skal ha prioritet i områda våre. Me fann så mange jervkadaver i fjor at det var vanskeleg å halde styr på. Me brukar masse tid og ressurar på å registrere og dokumentere tapa for myndigheitene, noko som kjennest bortkasta og det aukar frustrasjonen, seier Bjørkum.  ​

FORTVILA: Per Bjørkum er klar på kor fortvilande sitasjonen er for sauehald, der han sjølv har utsett investeringar i sauehus på grunn av stoda.
Foto: Ina Eirin Eliassen

Han etterlyser meir involvering og samarbeid med beitenæringane, grunneigarar, Statens naturoppsyn (SNO) og andre som ferdes i fjellet for å få bukt med jerven. Bjørkum peikar på at det ikkje er første året med store tap av sau på beite og opplever at sentrale forvaltninga er fråværande. 

– Statens naturoppsyn, Fylkesmannen og Rovviltnemda må få nok ressursar til effektiv sporing, registrering og jakt av jerv. Ein må få til ei buffersone, der grensa for ynglesona i Oppland blir flytta tilbake til Ottadalen. I tillegg bør bestandmålet for jerv reduserast, lisensjakta og skadefellling må blir meir effektiv og me treng ei ansvarsklargjering i forvaltninga, seier Bjørkum. 

I tillegg legg han til at ein bør vurdere andre verkemiddel som til dømes skotpremie for å få ei meir effektiv lisensjakt, då lisensjakta ikkje er eit eigna verkemiddel i denne regionen. 

Forstår frustasjonen, men kom med få lovnader ​

LYTTER: Tine Sundtoft og Bjørn Lødemel på Natvik gard.
Foto: Ina Eirin Eliassen

Bjørn Lødemel (H), som også var i Naddvik i fjor, sett pris på at statsråden er på plass for å følge opp situasjonen for sauebønder i fylket.  ​

Sundtoft har stor forståing for den frustrerande situasjonen bøndene står oppe i og tykkjer bodskapen er sterk og tydeleg.

– Det er ikkje noko mål om yngling av jerv i region 1 for Vestlandet, noko som stiller tydelege krav til soneforvaltning. Den miljøvennlege forvaltninga for sau må me sørge for å behalde, seier ho.

Likevel håpar ho rovviltnemdene blir einige om ei løysing seg i mellom for kva som kan gjerast for å flytte den såkalla ynglesona for jerv i region 3 Oppland, slik at ikkje jerven trekker inn i sone 1 for Vestlandet. Evalueringa av dei regionale viltnemndene skal først vera ferdig våren 2016. 

– Statens naturoppsyn gjer eit godt arbeid og me har alle ei felles interesse av å unngå slike skadetal som i 2014. Det skal vera lov å ta rovdyr i beiteområde. Me har no på høyring eit forslag om å meir effektiv lisensjakt. Me har alt gjort mykje og vil gjere meir for å betre sitasjonen, seier Sundtoft. 

UROA OVER STODA: Noralv Distad, leiar i rovviltnemnda i Region Vest.
UROA OVER STODA: Noralv Distad, leiar i rovviltnemnda i Region Vest.

Håpar å lykkast før beiteslepp

Noralv Distad, leiar i rovviltnemnda i Region Vest, er samd i at det er ein uhaldbar situasjon og er bekymra då beitesleppet berre er to månader unna.

– Så langt har me ikkje lykkast med lisensfellinga. Om me framleis ikkje lykkast framover vil me oppmoda departementet om å ta grep, seier Distad. 

Basert på observasjonar og DNA-analyse, er lisenskvota for jerv sett til ti for region 1 Vestlandet. Skadefellingskvota er sett til seks dyr, ei kvote som fylkesmannen administrerar. 

VERTINNE: Siri Benjaminsen ved Natvik gard i Årdal.
VERTINNE: Siri Benjaminsen ved Natvik gard i Årdal.

– Det er viktig å lykkast med uttak av jerv fram til beiteslepp. Eg håpar me lykkast med å ta ut jerv tidleg, slik at me slepp å bruke skadefellingskvote i beitesesongen og oppmodar om at alle ressursar til effektivt uttak av jerv blir nytta, slik at Indre Sogn kan sleppe dyra sine på beite utan å frykte for om dei kjem heim att. Dette er naudsynt for at forvaltninga skal ha truverd opp mot at Stortinget har bestemt at beiteprioriterte område skal vera frie for rovdyr, seier Distad.

Uhaldbar sitasjon

– I fjor gjekk lamminga over all forventning. Kring 700 timar med jobb på fem veker gav resultat før lamma skulle ut på utmark- og innmarksbeite. Då sommaren var over enda me opp å miste 145 lam. Me vil ikkje ha det slik her i Naddvik sankelag, her me har av dei beste beiteområda i landet, seier Benjaminsen. 

Sundtoft og Lødemel reiste så til Gaupne i Luster der fleire representantar frå mellom anna lokale beitelag, lokalpolitikar, bondelaget, Statens naturoppsyn og kommunane i området er tilstades. 

NATVIK GARD: Siri Benjaminsen fortel at Natvik gard var drive som deltidsbruk frå 1987 til 2009 primært for sau. Men frå 2009 auka dei talet på ​sau frå 60 til 150. 
NATVIK GARD: Siri Benjaminsen fortel at Natvik gard var drive som deltidsbruk frå 1987 til 2009 primært for sau. Men frå 2009 auka dei talet på ​sau frå 60 til 150. 
Til toppen