BISTAND: Bjarte Opheim (t.v.), Sture Hovland og andre elevar frå 1. klasse studiespesialiseriande ved Årdal vidaregåande skule sel torsdag 1. juni kaker utanfor Gamleskulen i Øvre Årdal mellom klokka 12 og 18. Her er karane framfor afrikautstillinga på skulen. Foto: Ole Ramshus Sælthun
BISTAND: Bjarte Opheim (t.v.), Sture Hovland og andre elevar frå 1. klasse studiespesialiseriande ved Årdal vidaregåande skule sel torsdag 1. juni kaker utanfor Gamleskulen i Øvre Årdal mellom klokka 12 og 18. Her er karane framfor afrikautstillinga på skulen. Foto: Ole Ramshus Sælthun

Skal selja kaker til inntekt for skule i Afrika

1. klasse studiespesialiserande ved Årdal vidaregåande skule håpar mange kjem og kjøper kakene dei har bakt når dei held utsal torsdag – inntektene går nemleg til eit svært godt føremål. 

Årdal: – Me kjem til å selja kaker og kaffi utanfor Gamleskulen frå klokka 12 til klokka 18 torsdag. Inntektene går til Afrikaprosjektet me held på med, seier Bjarte Opheim 1. klasse studiespesialiserande ved Årdal vidaregåande skule.

Skulen har i lengre tid hatt gåande eit prosjekt for å hjelpa born i Afrika; konkret går pengane frå kake- og kaffisalet til Enyezane barneskule i Eshowe i Sør-Afrika.

– Pengane skal bidra til å betra sanitærtilhøva på skulen. Dei har nyleg fått installert ein ny brønn der, seier Opheim.

Skal også hjelpa til under Fjord til fjell for å få inn pengar

På utsalet får folk høve til å kjøpa brownies, skulebollar, sjokoladekake, muffins, gulrotkake, kaffi, og vaflar.

– Har de bakt kakene sjølve?

– Me har bakt sjølve heime, med litt hjelp frå foreldra, seier Opheim.

– Kor mykje håpar de å få inn?

– Me har ikkje sett oss noko mål, så me håpar berre me får inn mest mogleg, seier klassekamerat Sture Hovland.

– Så me håpar så mange som mogleg kjem og kjøper kaker og kaffi av oss, legg Opheim til.

Og elevane i 1. klasse studiespesialiserande har fleire tiltak på gang for å gje bistand skulen i Sør-Afrika.

–  Me skal også hjelpa til på Fjord til fjell denne helga, for å få inn pengar til Afrikaprosjektet, fortel Opheim.

Til toppen