STÅR FOR DET HAN HAR SAGT: Tore Johan Arntzen i Handelsbygg seier dei sjølvsagt skal kompensere med klatrepark og akebakke dersom dei får bygge eit næringsbygg i Hydroparken. Foto: Truls Grane Sylvarnes (Arkiv). 

– Skal sjølvsagt kompensere med akebakke

Skal Årdal kommune seie ja til etableringa av eit næringsbygg i Hydroparken, skal det kompenserast med klatrepark og akebakke.

Årdal: Slik lyder delar av tilrådinga frå administrasjonen. Tysdag i neste veke kjem saka på bordet til formannskapet i kommunen. Det betyr at den snart to år gamle og svært omdiskuterte saka går mot slutten.

Tilrådinga som vert lagt for politikarane er at dei skal seie ja, men med visse vilkår. For det første skal krav til flaumsikring oppfyllast. For det andre skal avbøtande tiltak som ny klatrepark ved skulen og akebakke i nærleiken av sentrum sikrast etablert.

– Er dette noko de kjem til å sørge for er på plass?

– Ja, sjølvsagt. Me har sagt at me skal vere med og bidra til etablering av klatreparken og har heile tida sagt at den skal stå i hjørnet mot elva i verksvegen. Der kjem me til å bruke delar av eksisterande voll til å etablere eit område ungar kan boltre seg på, svarar dagleg leiar i Handelsbygg, Tore Johan Arntzen. 

Motbør og applaus

Det er Handelsbygg som ønskjer å etablere næringsbygget i Hydroparken. I september skreiv Porten.no at ein avtale med Europris er på plass. I tillegg kan det kome eit par butikkar til. 

Artikkelen held fram under biletet.

FOLKEMØTE: Vel 140 personar møtte opp for å høyre om planane til Handelsbygg tidlegare i år.
FOLKEMØTE: Vel 140 personar møtte opp for å høyre om planane til Handelsbygg tidlegare i år.

Planane har møtt både motbør og applaus frå innbyggjarane i Årdal. Diskusjonane går på alt frå det å byggje ned eit parkområde til om etableringa vil øydeleggje for eksisterande handel eller styrke den.

Siri Benjaminsen, som er landskapsarkitekt, gav tydeleg beskjed kva ho meinte under folkemøtet og har også skrive eit høyringssvar til reguleringsplanen, noko sakshandsamar har lagt tydeleg merke til.

«Gjennom handsaming av planen har kommunen motteke supplerande informasjon som klart peikar i retning av at området sin verdi i høve nærmiljø og friluftsliv er høgare enn det som kjem fram av planskildringa», og at det «mest truleg vil vere uråd å fullt ut kompensere tapet som planen opnar for i høve nærmiljø- og friluftsliv».

Politisk avtale

Ekstra spesiell vert saka i og med at det eksisterer ein slags politisk avtale mellom Miljøpartiet Dei Grøne og Arbeidarpartiet om at friområde ikkje skulle rørast i perioden dei styrte. I ettertid har det vist seg at området per definisjon ikkje er eit friområde, men parkbelte i industriområde – eigd av Hydro.

Artikkelen held fram under biletet.

SVIKTA: Sandra Opheim (MDG) følte seg svikta av Arbeidarpartiet då dei vedtok å leggja planen ut for høyring tidlegare i år. Under valet i 2015 avtalte Ap og MDG at friområde i kommunen ikkje skulle rørast og Hydroparken var nemnt. I ettertid har det kome fram at Hydroparken per definisjon ikkje er eit friområde.

Ein avtale er allereie på plass med Hydro, som ønskjer å selje. Avtalen seier at dersom Handelsbygg får politisk ja, vil kjøpet gå i boks.

– Kan det vere at de kjøper området likevel og ventar til neste valperiode?

– Det får Hydro og me snakke om, men eg håpar og trur at me får planen gjennom i denne runden. Eg har ei god kjensle for det, seier Arntzen.

Løyser trafikkorken

Det siste punktet som må kome i orden for godkjenning, og som Porten.no tidlegare har omtalt, er trafikkavviklinga i krysset mellom fylkesveg 53 og inn til høvesvis verket og nedover mot sentrum.

Artikkelen held fram under biletet.

FORKØYRSREGULERING: Ei forkøyrsregulering av fylkesveg 301 må til for at ein skal kunne godkjenne byggeplanane i Hydroparken.
FORKØYRSREGULERING: Ei forkøyrsregulering av fylkesveg 301 må til for at ein skal kunne godkjenne byggeplanane i Hydroparken.

Vegvesenet har sagt nei til begge forslaga frå Handelsbygg, men dersom ein forkøyrsregulerer fylkesveg 301, vil det vere akseptabelt.

– Då vil krysset ha kapasitet for dimensjonerande time, det vil seie i rushtida om morgonen og ettermiddagen. Her har me gjort ein grundig analyse av transporten til og frå verket, men det går berre to-tre bilar her i det tidsrommet, seier Arntzen.

Til toppen