SKAPA LIV: Lærdal er ein av tre kommunar som er plukka ut til å vera med på eit pilotprosjekt i regi av DOGA, der målet er å skape liv i tomme lokale. Arkivfoto: Anne Karin Skjær. 
SKAPA LIV: Lærdal er ein av tre kommunar som er plukka ut til å vera med på eit pilotprosjekt i regi av DOGA, der målet er å skape liv i tomme lokale. Arkivfoto: Anne Karin Skjær. 

Skal skapa liv i tomme lokale

Lærdal er ein av tre stader som er plukka ut til å vere med på tidenes største tiltak for å fylle tomme lokale.

Lærdal: Pilotprosjektet «Levande lokale» frå Norsk design- og arkitektursenter (DOGA) har som mål å fylla tomme lokal i norske kommunar. På den måten skal ein førebyggja og motverka sentrumsdød i byar og tettstader. Lærdal er saman med Arendal og Tromsø plukka ut til å delta.

Nettopp sentrumsdød er noko mange kommunar over heile landet er råka av fordi butikkar gjerne flaggar ut til kjøpesenter, netthandelen aukar, lagerfunksjonar vert flytta og kontor vert lagt i klynger. 

I Lærdal skal ein ta utgangspunkt i Gamleøyri sidan det er her det er vanskelegast å skapa aktivitet på grunn av ukonvensjonelle lokale. 

– Då handlar det om å lage strategiar for korleis me får lokala inn i marknaden. Alt ein gjer må ikkje vera permanent, men ein må prøve å få huseigarar og innbyggjarar til å sjå på bygningane som ein ressurs, seier byantikvar Hallvard Trohaug, som skal sitja i styringsgruppa for prosjektet.

– Dette er spennande fordi tomme lokale er ei problemstilling som har vore her på Gamleøyri fordi det er eit verna område, og då er det ein del ting reint teknisk som gjer at det er vanskeleg å drove ordinær næringsverksemd. I tillegg er det mange av huseigarane som ikkje bur i Lærdal i dag og dermed ikkje har eigeinitiativ til å utvikla dei.

Byggja kompetanse

Målet er altså å skape folksame gater og torg att. Prosjektperiode varar i to år fram til 2018, og offisiell start er 20. april. I denne perioden skal Lærdal både byggja kompetanse på korleis ein skapar aktivitet, men også bidra med erfaringar inn i prosjektet.

– Då er det kunst og kultur ein har sett spesielt på, men det kan også vera andre ting som utfører sin aktivitet anten permanent eller periodevis, seier dagleg leiar i Lærdal Næringsutvikling Arve Tokvam.

I underkant av 30 kommunar søkte om å få delta på prosjektet. Deltakarane forpliktar seg då til å opprette ei 50 prosent prosjektstilling som kommunen må finansiere sjølv. 

Tett oppfølgjing

På oppdrag frå DOGA har Eriksen og Skajaa arkitekter utarbeida ein rapport som samlar gode tiltak på aktivering av tomme lokale i Noreg og Europa. Denne rapporten ligg til grunn når Lærdal no går i gang med arbeidet. Kommunane skal vidare følgjast tett opp av fagfolk frå DOGA og ei referansegruppe med relevante aktørar frå privat og offentleg sektor.

– Målet vårt er at desse tiltaka skal vera veldokumenterte og ha effekt på kort og lang sikt. Me veit mykje om kva som tradisjonelt skapar eit godt sentrum, til dømes at det må vera gode forhold for næringsverksemd, men også andre aktivitetar som kunst, kultur og sosiale møte, seier prosjektleiar Marte Dorothea Marstrand ved DOGA.

– Det me ikkje veit så mykje om er om dette også gjeld for det framtidige bysentrumet. Me veit heller ikkje nok om korleis me kan tilretteleggja betre for at dei tomme lokala kan bli tatt i bruk av ulike grupper som treng dei. Til dømes er mellombels bruk av lokala eit verktøy som kan føre til meir permanent bruk på sikt.

Ein del av omstillingsarbeidet

Lærdal har den siste tida jobba mykje med tettstadutvikling, og difor kjem dette prosjektet inn på eit veldig godt tidspunkt og skal vera ein del av omstillingsarbeidet i kommunen. 

Årsaka til at Lærdal er plukka ut er at Gamleøyri byr på mange spennande lokale, at arbeidet med dette allereie er i gong og ikkje minst verneproblematikken ein har med desse bygningane. 

– Aktiviteten her har gått litt i bølgjer opp gjennom åra. Det viser seg at me alltid er avhengig av eldsjeler. Me har til dømes hatt periode på 90-talet der aktiviteten var veldig høg, seier Trohaug. 

Til toppen