PRODUKT: Designar Siv Støldal (t.v.) held i delprosjektet «Typisk Lærdal» der målet er å skapa diverse produkt som altså er typisk Lærdal. Under det opne møtet om levande lokaler-prosjektet siste veka før jul tok ho tilhøyrarane med på ein runde på Gamle Lærdalsøyri og synte fram utstillinga Signe Rode Rio, som jobbar for Johaug Produkter, har i vindauga. Foto: Ole Ramshus Sælthun

Skal skapa produkt som er «Typisk Lærdal»

I løpet av det komande året kan lærdøler med ein liten gründer i magen eller ein idè til eit produkt i hovudet få sjansen til å setja ideen eller tanken ut i livet.

Lærdal: – Me skal jobba med design og produktutvikling; laga produkt av tekstilar, tre eller metall. Produkt som er samtidsorienterte eller historiefortellande. Det er er sett ned ei designgruppe lokalt som er open for alle som har lyst til å vera med, seier designar Siv Støldal.

Prosjektet «Typisk Lærdal» er ein av tre delsatsingar for å skapa levande lokaler på Gamle Lærdalsøyri. Utover i 2017 skal altså ei rekkje produkt med røter i Lærdal bli utvikla. Kva produkt det blir snakk om er ikkje klart enno, men det kan vera det meste, forklarar Støldal.

– Me tek utgangspunkt i det dei som vil vera med er interesserte i. Det kan vera strikking, tre, metall, mat - fellesnemnaren er at me skal skapa noko i sosiale rammer og at historia til Lærdal gjerne kan vera utgangspunktet.

Artikkelen held fram under biletet

LYS: Korleis kreativ bruk av lys kan gjera eit sentrum meir livleg illustrer denne installasjonen under Vinterutstillinga på gamle Lærdalsøyri.
LYS: Korleis kreativ bruk av lys kan gjera eit sentrum meir livleg illustrer denne installasjonen under Vinterutstillinga på gamle Lærdalsøyri.

Utstilling for å sjå korleis det slår an

Vidare fortel Støldal det både kan vera snakk om produkt som blir produserte i eit lite opplag og masseproduserte produkt.

– Me vil få til ein del prototypar i løpet av våren og ha ei utstilling for å sjå korleis dette slår an. Det kan bli nokre handlaga produkt, unike produkt, nokre produkt produserte i passe stor skala og kanskje noko som kan masseproduserast. Men det blir fase to etter at me har fått prototypar på plass.

Målet med satsinga er todelt; på den eine sida at folk med idear til produkt skal få ein arena til å utvikla ideane sine på, og at produkta skal marknadsføra Lærdal. 

– Både denne gründertankegangen og å få ut produkt som gjer at turistar som besøkjer Lærdal vil koma tilbake - eller at turistar kjøper produkt som andre ser, og at det på denne måten blir spreidd ei interesse for bygda. Dette er eit prosjekt der alt er lov. Målet er å få fram masse gøyale produkt med base i det kjende her i Lærdal - laksefisket, stavkyrkja, dei gamle husa, naturen og kongevegen, til dømes. Poenget er at dei besøkjande kjem litt under huda på staden når dei kjem hit.

Eitt av tre tiltak

Produkta som blir til gjennom prosjektet kan tenkjast å bli selde på hotella i bygda eller butikkar som passar.

– Me treng ikkje avgrensa det til sal her i Lærdal - produkta kan gjerne seljast andre stader i landet, men dei skal peika på Lærdal. Alt er ope.

Støldal fortalde om delprosjektet under eit ope møte i Gamlebanken på Lærdalsøyri siste veka før jul. Her fekk innbyggjarane som møtte opp meir innsikt i kva prosjektet «Levande lokaler» består i.

«Typisk Lærdal» er eitt av tre delprosjekt. Eit anna delprosjekt er «Kunst for utvikling av møtestader og auka attraktivitet i sentrum».

Som kjent kan kunst vera så mangt, og skapande kurator med base på Voss, Kjell-Erik Ruud - som har ansvar for dette delprosjektet - fortalde om ein idé som har kome opp.

–  Målekurs med aktmodellar. Det blir veld kaldt i februar for nakne aktmodellar, men ut på vårparten kan det bli aktuelt.

– Må tenka at Lærdal er interessant i seg sjølv

Ruud stod også for det definitivt mest spenstige innslaget under det opne møtet - han synte ein film frå då Kunstnerforeningen heldt årsmøte på Voss. Då hadde Ruud hyra inn ein gjeng franske stuntkunstnarar som rulla seg over heile årsmøtelyden - først med klede, så utan.

– Når dei torde dette på Voss, så bør ein tora dette her også, sa han.

Artikkelen held fram under biletet

SPENSTIG: Kurator Kjell-Erik Ruud synte ein video av det særs spenstige stuntet under Kunstnerforeningen sitt årsmøte på Voss. Han meinte like spenstige kunstneriske påfunn bør vera mogleg å få til i Lærdal.
SPENSTIG: Kurator Kjell-Erik Ruud synte ein video av det særs spenstige stuntet under Kunstnerforeningen sitt årsmøte på Voss. Han meinte like spenstige kunstneriske påfunn bør vera mogleg å få til i Lærdal.

Det vil tida visa. I alle fall; det tredje delprosjektet er «Ny bruk av kulturbygg». Her har Lærdal Næringsutvikling (LNU) fått lokale krefter i form av Marita Vangen Bratteteig til å halda i delprosjektet:

KULTURBYGG: Marita Vangen Bratteteig held tak i delprosjektet «Ny bruk av kulturbygg».
KULTURBYGG: Marita Vangen Bratteteig held tak i delprosjektet «Ny bruk av kulturbygg».

– Eg vart drege inn i dette fordi eg treng ein plass å komponera, som er det eg vil jobba med og har utdanna meg til - no sit eg heime på eit rom der eg ikkje kan bråka så mykje vil. Kan fleire kunstnarar gå i hop og leiga eit bygg dei kan jobba i? Eit sjarmerande hus med masse historie kan vera grunnen til at nokon flyttar hit, forklara Vangen Bratteteig.

Tone Boska er prosjektleiar i Lærdal Næringsutvikling for «Levande lokaler»-prosjektet og forklara kva som er det store målet:

PROSJEKTLEIAR: Tone Boska er LNU sin prosjektleiar for levande lokale-prosjektet.
PROSJEKTLEIAR: Tone Boska er LNU sin prosjektleiar for levande lokale-prosjektet.

– Bygda skal ikkje vera ein overnattingsstad for Flåm - me må tenka at Lærdal er interessant i seg sjølv. Korleis laga rystelsar og snakkisar er utgangspunktet, for igjen å gjera Lærdal til eit framtidig reisemål og ein plass å bu.

– Lærdal har ei unik historie

«Levende lokaler» er eit stadsutviklingsprosjekt frå Norsk design- og arkitektursenter der føremålet er å fylla tome lokale i norske kommunar, og på den måten bekjempa og forebyggja sentrumsdød. Lærdal søkte om å bli med i prosjektet og fekk tilslag - no er Lærdal ein av tre pilotkommunar. Dei to andre er Arendal og Tromsø.

Marte Marstrand i Norsk design- og arkitektursenter fortalde om prosjektet under møtet i Gamlebanken. Mellom anna synte ho fram ei rekkje døme på fiffige løysingar som er gjort andre stader i inn- og utland der næringsutvikling og gründerskap på den eine sida gjerne har møtt kunst og uttrykk på andre sida.

Artikkelen held fram under biletet

PILOT: Marte Marstrand i Norsk design- og arkitektursenter fortalde om heilskapen i levande lokale-prosjektet, der Lærdal er ein av tre pilotkommunar.
PILOT: Marte Marstrand i Norsk design- og arkitektursenter fortalde om heilskapen i levande lokale-prosjektet, der Lærdal er ein av tre pilotkommunar.

Som til dømes at ein gründer med lite midlar og ein bakar i oppstartfasen kan dela lokaler med ein eigedomsmeklar der sistnemnde betalar for lokala og samstundes framstår som ein kul eigedomsmeklar der kundane kan kjøpa seg kanelbolle hjå bakaren.

Eller inkubatoren som leiger ut eit lokale i ein månad i slengen til gründerar som vil testa produkta sine, for så å hjelpa dei med å finna permanente lokale dersom gründerane ser at dette er noko å gå vidare med.

– Det er denne miksen av oppleving og produksjon ein skal vera ute etter. Og Lærdal har ei unik på historie som de kan spela på mykje meir enn de gjer i dag, sa Marstrand.

Til toppen