ENERGI: Miljøbyggkonferansen finn stad i Operahuset på Nordfjordeid 12. november. Operahuset er og eit godt døme på bruk av energieffektive løysingar, mellom anna ved bruk av energi frå fjorden. Foto: Øystein Torheim
meiningar
ENERGI: Miljøbyggkonferansen finn stad i Operahuset på Nordfjordeid 12. november. Operahuset er og eit godt døme på bruk av energieffektive løysingar, mellom anna ved bruk av energi frå fjorden. Foto: Øystein Torheim
meiningar

Skal Sogn og Fjordane vere i teten?

Les kommentaren av Jan Atle Stang, regiondirektør, NHO Sogn og Fjordane, Jan Heggheim, fylkesdirektør for næring, Sogn og Fjordane fylkeskommune, Svein Arne Skuggen Hoff, fylkesdirektør for plan og samfunn, Sogn og Fjordane fylkeskommune, Halvor Flatland, direktør, Innovasjon Norge Sogn og Fjordane og Ove Kjøllesdal, styreleiar, Energikompetansesenteret.

Offentleg sektor i Sogn og Fjordane skal dei neste åra gjennomføre tunge investeringar i nye bygg og oppgradering av eksisterande bygg. Skal dette skje på tradisjonelt vis eller skal desse prosjekta vise vegen? 

EU finansierer prosjekt som skal vise korleis vi kostnadseffektivt kan bygge nye, svært energieffektive bygg, og ikkje minst korleis vi kan oppgradere eksisterande bygg til både å gi vesentleg betre innemiljø, samt bli meir energieffektive. Bedrifter frå fylket vårt bidreg òg i slike prosjekt. Byggebransjen og byggrelatert industri i vårt fylke ligg faktisk godt over landsgjennomsnittet når det gjeld arbeidsplassar relativt sett - med andre ord er dette eit område næringslivet vårt er sterke på.

Spørsmålet som reiser seg, er difor om vi i dette fylket har vilje til å ta sats for å nytte kompetansen som ligg i bedriftene våre – til å skape framtidas bygg – i dag? Kan vi skape ein vinn-vinn-situasjon for både offentlege byggherrar som anten skal bygge nye bygg eller oppgradere eksisterande bygningsmasse, og for bedrifter som har løysingar som har internasjonalt potensial? Det er nemleg slik at bedrifter som skal ut internasjonalt er betre rusta om dei òg har ein lokalmarknad som etterspør dei innovative løysingane. 

Miljøbyggkonferanse 2015 den 12. november på Eid er ein møteplass for leverandørar og det offentlege. Der vil vi saman diskutere utfordringar og moglegheiter for korleis Sogn og Fjordane skal førebu seg fram mot 2020. Då skal nemleg alle nye bygg vere  på «nesten null-energinivå». Resultat av ei undersøking om kor stort potensial offentlege investeringar i bygg har dei komande åra i Sogn og Fjordane, blir også presentert. Temaet er difor svært aktuelt for bedrifter innan byggebransjen, teknologibedrifter og ikkje minst både offentlege og private byggeigarar.

I dag er det altfor lite merksemd kring næringsutvikling og innovative løysingar i leiinga i kommunane og statlege verksemder. Ei undersøking på landsbasis syner at berre fem prosent av kommunane har aktivt søkt innovative løysingar gjennom innkjøp. Dette er eit svært lågt tal, men det positive er at 63 prosent ønskjer å oppnå dei innovative innkjøpa. Nasjonalt program for leverandørutvikling oppmodar det offentlege om å ha dialog med leverandørar for å skape innovative, framtidsretta løysingar gjennom sine innkjøp. Metoden med dialog før kravspesifikasjonen er utarbeidd, er sidan 2010 prøvd ut på om lag 80 innkjøp og resultata er overraskande gode.

Eit døme på dette er Stavanger. I 2010 ønskte Stavanger kommune å få ein sentral driftsportal for styring av lys, varme, ventilasjon og sikring for alle bygga sine. Teknologien fanst ikkje. Dei vart førespegla ein kostnad på 40 millionar kroner. Prosjektet vart skrinlagt. I 2013 blei prosjektet tatt opp igjen, og er no køyrt som ei innovativ anskaffing. Stavanger-bedrifta F5IT, med erfaring frå offshore, leverte ei løysning til ein kostnad på 1,25 millionar. Og i tillegg: Stavanger sparer no energi og har redusert straumrekninga si med kring to millionar årleg. 

Sogn og Fjordane fylkeskommune tek eit forsiktig steg i denne retninga i prosessen med varmeanlegg på Mo og Øyrane vidaregåande skule. 

Det interessante med fylket vårt er at vi har fleire bedrifter som innan ulike område av bygget har spanande innovative løysingar som gjev godt inneklima og samtidig er energieffektive. Dette femnar om blant anna:

  • massive konstruksjonar i tre (med svært gode miljøeigenskapar)
  • effektive prefab-produsentar som PreTre og Jatak Kaupanger
  • produsentar av vindauge med lågt varmetap
  • varmepumpeprodusenten Moderne Varme som tilbyr komplette varme/kjølesystem
  • Fjordvarme som hentar fornybar energi frå den lokale energikjelda vår – fjorden. 

I tillegg har vi fleire innovative arkitektmiljø i fylket som også er gode fasilitatorar for gode prosjekt. Lista over innovative selskap er sjølvsagt lenger.

Om kommunar og andre offentlege byggherrar går saman og i fellesskap utfordrar bedriftene som kan levere dei gode og framtidsretta løysingane, vil ein til saman kunne etterspørre eit volum som gjer at leveransane kan bli kostnadseffektive. Spørsmålet er altså: Vil vi? Kan vi?

Til toppen