AMBISJONAR: Høgskulen på Vestlandet jobbar med å søkja om to nye doktorgradsutdanningar og har ambisjonar om å bli universitet, seier prorektor Rasmus Stokke.
AMBISJONAR: Høgskulen på Vestlandet jobbar med å søkja om to nye doktorgradsutdanningar og har ambisjonar om å bli universitet, seier prorektor Rasmus Stokke. (Bilde: Ole Ramshus Sælthun)

Skal søkja om to nye doktorgradsutdanningar og har universitetsambisjon

Utfordringa er å få nok stipendiatstillingar. – Får me dette på plass, er eg kjempeoptimistik med tanke på framtida, seier prorektor Rasmus Stokke.

Sogndal: – Det er å få på plass doktorgradar som gjeld i 2017. Me tek stormsteg i den retninga.

Stokke synte fram mange gode trendar for nærregionen til Høgskulen på Vestlandet som ligg i Sogn og Fjordane. Mellom anna at talet på vitskapelege publikasjonar frå høgskulen har skote i vêret siste tre-fire åra.

– Me låg svært lågt, men held me fram som no er me på nivå med NTNU og dei andre store universiteta i løpet av få år, sa Stokke.

Ønskjer doktorgradsutdanningar innan helsevitskap og innovasjon

Dessutan, i løpet av 2017 skal dei søkja om å få to doktorgradsutdanningar ved høgskulen – den eine innan helsevitskap, den andre innan innovasjon.

– Den store utfordringa er å få nok tilsette med nok spisskompetanse og relevant bakgrunn, sa Stokke.

Her er stipendiatstillingane avgjerande. På heile Høgskulen på Vestlandet er det no 94 stipendiatstillingar.

– Det har vore ei betring her dei siste åra, men me treng framleis masse meir for å dekka opp behovet som kjem. Så det er ei utfordring til politikarane, sa Stokke.

– Får me dette på plass, er eg kjempeoptimistik med tanke på framtida, heldt han fram.

– Går bra så langt, men mykje står att

KRF PÅ VALKAMPRUNDE: F.v.: Fylkesleiar Trude Brosvik, 1. nestleiar i KrF, Olaug Bollestad, politisk rådgjevar Kristoffer Rolland, 1. kandidat til Stortinget frå fylket, Tore Storehaug, og 2. nestleiar i fylkespartiet, Beate Bondevik Lie.
KRF PÅ VALKAMPRUNDE: F.v.: Fylkesleiar Trude Brosvik, 1. nestleiar i KrF, Olaug Bollestad, politisk rådgjevar Kristoffer Rolland, 1. kandidat til Stortinget frå fylket, Tore Storehaug, og 2. nestleiar i fylkespartiet, Beate Bondevik Lie.

På sikt er også ambisjonen at Høgskulen på Vestlandet skal bli universitet, første sjanse for å søkja om dette er 2023.

– Me må ha utdanna eit visst tal med doktorgrad først, så det kan ta noko lenger tid, seier Stokke.

I høve fusjonsprosessen var han også positiv overfor politikarane:

– Det går bra så langt, men mykje står att.

Leiar i Kristeleg Folkeparti Sogn og Fjordane, Trude Brosvik, hadde det same inntrykket, då ho høyrte om planane og korleis prosessen har gått.

– Veldig mange var spente på fusjonen, og kanskje over femti prosent av befolkinga i fylket var skeptiske. Men sett utanifrå er inntrykket at det går bra.

Til toppen