TIL ÅRDAL: I starten av mars kjem Magnus Grønneberg til Årdal. Grønneberg er kjend frå bandet CC Cowboys. Foto: Nina Djærff.
TIL ÅRDAL: I starten av mars kjem Magnus Grønneberg til Årdal. Grønneberg er kjend frå bandet CC Cowboys. Foto: Nina Djærff.

Skal spele songane slik dei er spelt ved kjøkkenbordet

Om ikkje lenge kjem CC Cowboys-vokalist og låtskrivar Magnus Grønneberg til Årdal kulturhus for å halde solokonsert. 

Årdal: – Eg tek med meg gitaren min på ein 14 dagars soloturne rundt om i Noreg, der eg spelar låtar frå heile karriera mi og fortel historiar rundt dei. Dette blir låtar frå CC Cowboys og mine eigne album, både kjende og litt meir ukjende.

KJØKKENBORDET: Låtane blir presentert akuratt slik som dei er skrivne og spelt ved kjøkkenbordet.
KJØKKENBORDET: Låtane blir presentert akuratt slik som dei er skrivne og spelt ved kjøkkenbordet.

Magnus Grønneberg er mest kjend frå bandet CC Cowboys som har gjort stor suksess i Noreg. I tillegg til mange utgjevingar med CC Cowboys, har han gitt ut tre soloplater. Det siste albumet i samarbeid med dottera Hanna Maria Grønneberg. Han er også kjend frå programmet «Hver gang vi møtes» på TV 2.

Grønneberg fortel at meininga med å reise aleine rundt med gitaren sin, er å framføre songane slik dei er skrivne.

– Eg ser fram til å få kome til Årdal for å spele musikken min. Og det er mange låtar å velje mellom. Eg kjem til å spele låtar som eg er glad i. Låtane blir presentert akkurat slik som dei er skrivne og spelt ved kjøkkenbordet.

Dette er ikkje fyrste gong Grønneberg spelar i Årdal. Han spelte med CC Cowboys på Målrock i 2006 og 2012. Tysdag 2.mars kjem han attende for å presentere musikk frå karriera si, men denne gongen heilt aleine med gitaren sin.

Ny trend

Arrangøren seier til Porten.no at dei vil prøve å nå eit breiare publikum:

– Me satsar på konsert for folk som vil ut å lytte til musikk. På bakgrunn av tidlegare tilbakemeldingar, vil me prøve å variere mellom arrangement på Bakeriet og i kulturhuset.

Arrangøren oppmodar alle til å ta turen til kulturhuset for å oppleve Magnus Grønneberg, som han sjølv meiner er ein av Noregs beste artistar.

Til toppen