VERDSMANNEN I VERDSARVEN: Ketil Thorbjørnsen får det ærerike oppdraget å opptre når ti år med verdsarvstatus i Nærøyfjorden verdsarvpark skal markerast torsdag. Foto: Reidun Vinda.
VERDSMANNEN I VERDSARVEN: Ketil Thorbjørnsen får det ærerike oppdraget å opptre når ti år med verdsarvstatus i Nærøyfjorden verdsarvpark skal markerast torsdag. Foto: Reidun Vinda. (Foto: Reidun Vinda / Arkiv)

Skal stå for underhaldninga når verdsarvstatusen skal feirast

– Dersom du ønskjer å feira storslått natur med gratis underhaldning på kjøpet, er Undredal plassen å vera torsdag, er beskjeden frå Torunn Todal Laberg.
 

Undredal: Då markerer Nærøyfjorden verdsarvpark ti år med verdsarvstatus på brygga i Undredal.

Denne dagen får Undredal storfint besøk frå sentrale personar i UNESCO. Fanny Douvere er eit døme på det. 

Den som skal stå for underhaldninga denne ettermiddagen og kvelden er Ketil Thorbjørnsen, som nyleg kom ut med nytt album kalla «Verdsmannen».

– Ketil er i vinden og representera noko verdsarvparken kjenner seg att i både ved at han syng på nynorsk, er ein lokal musikar, har akkurat slept ei ny plate og at ho passande nok heiter «Verdsmannen». Det kan ikkje bli betre enn det. Og så er han rivande dyktig, seier Torunn Todal Laberg, kulturkoordinator i Nærøyfjorden verdsarvpark.

– Stor ære

NYTT ALBUM: Ketil Thorbjørnsen slapp nyleg eit nytt album kalla «Verdsmannen».
NYTT ALBUM: Ketil Thorbjørnsen slapp nyleg eit nytt album kalla «Verdsmannen».

Thorbjørnsen, som spelte under årets Målrock, ser fram til spelejobben på torsdag.

– Det er ein stor ære å få opptre der. Det er heilt fantastisk at folk vil støtta opp og høyra albummet. Det er det viktigaste av alt når du lagar musikk, fortel han.

– Eg har laga ei plate på dialekt, og at dei favnar om det og synest det er bra, synest eg er overveldande. Eg var den første dei spørte. Dette blir heilt enormt.

Kulturkveld

Programmet er fullspekka denne torsdag kvelden, kan Laberg fortelja. Det blir ulike kulturinnslag og talar, og dessutan skjer det heile i storslått natur, der ein får sjansen til å vera turist i eigen region.

– Det heile startar med ei høgtidleg opning av ei utstilling som syner fram verdsarven generelt og Undredal spesielt. Denne får ein sett på Gjestestova i Undredal, som slik får status som det første verdsarvhuset i Noreg, seier Laberg og påpeikar at det heile er gratis for publikum. 

FANTASTISK OPPLEVING: Torunn Todal Laberg meiner Undredal er vel verdt eit besøk denne torsdagen. Arkiv
FANTASTISK OPPLEVING: Torunn Todal Laberg meiner Undredal er vel verdt eit besøk denne torsdagen. Arkiv

– Det er berre å møta opp. Om ein ikkje har vore i Undredal før, så er staden ei fantastisk oppleving i seg sjølv. Me har valt å leggja det litt ut på kvelden slik at folk får tid til å koma seg dit - og det er ikkje så langt å reisa til Undredal som mange trur!

Grip sjansen

Også Thorbjørnsen håpar mange tek turen. For han er dette ein fin sjanse å få spreidd musikken sin ytterlegare.

– Det blir heilt vanvittig kult. Det første målet har vore å få spreidd det i Sogn og Fjordane og gjera musikken kjend her, og så får me ta resten som bonus. 

– Eg håpar folk tek turen. Det er ingen grunn til å vera sjenerte. Det blir eit veldig fint opplegg. 

Til toppen