JUBILANT: Sogn og Fjordane teater har sidan starten 1977 produsert meir enn 200 oppsetjingar til publikum i fylket. 40-årsjubilanten vil gjennom heile 2017 feire med eit spanande og rikhaldig program. Foto: Sogn og Fjordane teater.
JUBILANT: Sogn og Fjordane teater har sidan starten 1977 produsert meir enn 200 oppsetjingar til publikum i fylket. 40-årsjubilanten vil gjennom heile 2017 feire med eit spanande og rikhaldig program. Foto: Sogn og Fjordane teater.

Skal stille ubehagelige spørsmål i jubileumsåret

40-årsjubilanten vil gjennom heile 2017 feire med eit spanande og rikhaldig program.

Fylket: Sogn og Fjordane teater har sidan starten 1977 produsert meir enn 200 oppsetjingar til publikum i fylket. 40-årsjubilanten vil gjennom heile 2017 feire med eit spanande og rikhaldig program.

Jubileumsframsyninga «Evig ung» har hatt eit publikum i både inn- og utland som har vore veldig begeistra.

Publikumsfavoritt til fylket

Scenesuksessen «Evig ung», har gått for fulle hus i Bergen og Oslo, og no kjem det til Sogn og Fjordane.

I denne musikalske framsyninga er Sogn og Fjordane Teater gjort om til ein eldreheim for avdanka skodespelarar som nektar å la alderdommen deira stå i vegen for livsgleda.

I stykket «Evig ung», som har begeistra fleire tusen teatergjengarar over heile Europa, får me høyre fleire kjende pop- og rockelåtar frå dei siste 50 åra.

Fugletribunalet kjem heim 

Teatersjefen Bodil Kvamme ser med forventning til det kommande teateråret.

– Med oppsetjingane i 2017 håpar me å pirke borti ein del konvensjonar, engasjere og sjølvsagt underhalde publikum. Kanskje stiller me også nokre ubehagelege spørsmål, fortel Kvamme. 

Tradisjonsrikt og nyskapande teater for heile Sogn og Fjordane 

Gjennom heile 2017 kan publikum glede seg til dei ulike stykka som skal pli presentert.

– I 2017 presenterer me eit variert program som inneheld noko for alle, og me gler oss veldig, seier Bodil Kvamme fornøgd.

Til toppen