VIKTIG: – Viss me ikkje gjer dette, vil me halda fram som no. Då døyr me sakte, sa dagleg leiar i Årdal Utvikling, Terje Laberg, for å streka under kor viktig det er med tiltak som snur nedgang i tal innbyggjarar og arbeidsplassar til vekst. Foto: Ole Ramshus Sælthun
VIKTIG: – Viss me ikkje gjer dette, vil me halda fram som no. Då døyr me sakte, sa dagleg leiar i Årdal Utvikling, Terje Laberg, for å streka under kor viktig det er med tiltak som snur nedgang i tal innbyggjarar og arbeidsplassar til vekst. Foto: Ole Ramshus Sælthun

Skal stoppa turistar ved å skapa liv på torget

Innhaldet er ikkje klart, men ein storstilt dugnad for å skapa liv på torget i Øvre til sommaren blir no rulla i gang. Også på Tangen skal det skje ting. 

Årdal: – No blir det fullt fokus på Torget inn mot sommaren 2017. Me har framlegg til aktivitetar både rundt idrettshallen og kanskje nærare sjølve torget – Jotunplassen, til dømes. Kaltrevegg har vorte nemnd, kanskje småkonsertar. Noko må me i alle fall få til.

Det sa Terje Laberg då Årdal Utvikling denne veka tromma i hop til ei samling med aktørar i det lokale næringslivet, reiselivet og kulturlivet. Prosjektet har fått nemninga «Stopp på Torget!» og skal først og fremst utnytta potensialet som ligg i sommarstrafikken.

– Me har 40 000 bilar over Tindevegen i løpet av sesongen, og dei køyrer gjennom sentrum. Men på torget er det daudt. No må me leggja det som har vore av mislukka greier bak oss og få til noko. Difor er eg svært glad for at denne gjengen kom i dag – hadde me vore ti stykkjer her, hadde me berre avlyst dette, sa dagleg leiar Laberg.

Artikkelen held fram under biletet

FULLT: Aktørar innan næringsliv, reiseliv og kulturliv fyllte opp salen då Årdal Utvikling invitert til samling denne veka.
FULLT: Aktørar innan næringsliv, reiseliv og kulturliv fyllte opp salen då Årdal Utvikling invitert til samling denne veka.

– Det blir ofte mange idear, men så skjer det ikkje noko.

«Stopp på Torget!» er eit konkret tiltak i den strategiske næringsplanen. Kort fortalt handlar det om samarbeid mellom kultur-, næring og reiseliv for å skapa større handel og meir fart i reiselivet. Kultur er middelet og auka handel og reiseliv målet, kan ein seia.

– Me har ein spennande idè om halvøya – å laga ei fantastisk utstilling om Utladalen der. Eller eit belysningsprosjekt på Gamlebrui. Det blir ofte mange idear, men så skjer det ikkje noko. No må me få til dette. Nokre jobbar kjempebra, men me må få til meir i lag. Me klarar ikkje alt i 2017, men det kan og bør bli meir i 2018 og 2019.

Laberg gjekk konkret til verks og sende lister rundt til dei frammøtte; her var det om og gjera å få flest mogleg til å forplikta seg i arbeidet.

Ein kunne setja seg opp på  delprosjekt 1, med ansvar for skilting og tiltak for at det er enklare å gjera seg kjent i Årdal. Delprosjekt 2 gjekk på profilering, mellom anna ved å utvikla ein arrangements- & aktivitetskaldendar. Delprosjekt 3 skal finna ut korleis prosjektet skal organiserast med styre og stell.

– Det blir delprosjektleiarar som får ansvar for å driva prosjekta fram. Me skal ta kosten, sa Laberg.

Drygt 30 teikna seg på dei tre delprosjekta til saman.

Artikkelen held fram under biletet

TEIKNA SEG: Drygt 30 teikna seg til saman på dei tre delprosjekta.
TEIKNA SEG: Drygt 30 teikna seg til saman på dei tre delprosjekta.

Sjøfronten på Tangen og utsynspunkt ved Vettisfossen

Også på Tangen skal det skje ting; båthamna vil bli rusta opp, her ligg det an til at kommunen går inn med to millionar kroner. Tiltak med kaiskuret og området mellom dette bygget og hamna ligg i støypeskeia.

– Dette er eit spesielt bygg det går an å gjera noko spektakulært med. På arealet mellom går det an å laga eit parkanlegg. Då byrjar me å pirka i noko som kan bli kjempespennande for Årdal om nokre år. Til dømes kan oppdragering av kaiskuret, hamna og området mellom gjera turen ut og inn til Ofredalen til noko heilt nytt, og me byrjar å få nokre produkt her – som igjen kan gje fleire overnattingsdøgn, sa Laberg.

Årdal sjøfront AS, med eigarar i næringslivet, har også kome opp i ein kapital på over ein halv million, som skal nyttast i dette arbeidet.

Les også: I hamn med skiping av Årdal Sjøfront

Også i høve området rundt Vettisfossen er det utviklingsprosjekt på gang. Å laga til noko rundt både utsynspunktet på toppen og ved foten av fossen vil kunne gje auka besøk, i følgje Laberg.

– Berekningar går ut frå at det er potensiale for å auka besøket til Vettisfossen med inntil 60 000 menneske – viss ein får til noko her.

– Held me fram som no, døyr me sakte

Viktigheita av slike prosjekt med siktemål om auka handel og turisme, illustrerte Laberg gjennom grafar som syner utviklinga av tal på arbeidsplassar og innbyggjarar i kommunen. Frå år 2000 til 2016 gjekk talet på arbeidsplassar i kommunen frå 3074 til 2699. Folketalet fall med 440 i perioden. 

Den mest optimistiske prognosen seier rundt 3000 arbeidsplassar i 2030, den mest pessimistiske 2000. Enno større er skilnaden på prognosane når det kjem til innbyggjartal.

Og for å bevega seg mest mogleg i retning av tala i den positive prognosen må altså tiltak som skapar utvikling, som igjen skapar arbeidsplassar til.

– Viss me ikkje gjer dette, vil me halda fram som no. Då døyr me sakte. Difor er me nøydde til å ta dette magedraget. Anten byrjar prosjekta å bobla og leva, elles døyr dei. Og me i Årdal Utvikling skal ikkje halda dei kunstig i live.

Til toppen