NY RUNDE: Helse Førde vil ha ein ny prosess for å avklare framtidig organisering av det prehospitale området, altså korleis framtidas ambulanseteneste i Sogn og Fjordane skal bli. Illustrasjonsfoto
NY RUNDE: Helse Førde vil ha ein ny prosess for å avklare framtidig organisering av det prehospitale området, altså korleis framtidas ambulanseteneste i Sogn og Fjordane skal bli. Illustrasjonsfoto

Skal ta ny runde om ambulansetenesta

Føretaket vil at eksterne interessentar, altså kommunane, skal involverast sterkt i arbeidet.

Helse Førde vil ha ein ny prosess for å avklare framtidig organisering av det prehospitale området, altså korleis framtidas ambulanseteneste i Sogn og Fjordane skal bli, står det i ei pressemelding frå helseføretaket. 

​- Korleis ambulansetenesta er organisert, rører sterkt ved tryggleikskjensla til innbyggarane i det spreitt befolka fylket Sogn og Fjordane. Saka har vist seg å skape sterke lokale engasjement kvar gong det kjem forslag til endringar, står det vidare.

Sterk kostnadsvekst for bilambulansen

- Men både økonomiske rammevilkår, endra kommunikasjonar og den demografiske utviklinga har gjort det naudsynt med ein ny prosess rundt korleis ambulansetenesta bør vere i framtida. Styret i Helse Førde ønskjer no ein slik prosess, og ber om at eit utkast til mandat for prehospital plan tilpassa den økonomiske ramma blir lagt fram på neste styremøte 30. juni.

 Dei siste ti åra har det prehospitale området, og då særleg bilambulansetenesta, hatt langt sterkare vekst enn resten av Helse Førde. I 2017 kjem ambulansetenesta til å bruke rundt åtte millionar kroner meir enn budsjettert, og overskridinga er endå større om ein samanliknar dette forbruket med ambulansetenesta sin del av Helse Førde si inntektsramme.

- Dersom dagens ambulansestruktur held fram, vil ambulansetenesta få ein endå sterkare økonomisk vekst i framtida.

Les også: Svært skeptisk til at brannmannskap skal bli «akutthjelparar»

- Må prioritere ressursane

- Både hjå oss i Sogn og Fjordane og i andre fylke har det ofte vore usemje mellom helseføretak og folkevalde representantar i kommunane i slike prosessar, står det vidare

Helseføretaket vil no vurdere om ein i den vidare prosessen skal levere fleire alternative modellar innanfor ulike økonomiske rammer. Altså korleis ei framtidig ambulanseteneste vil kunne bli:

  • Innanfor dei prehospitale tenestene sin del av inntektsmodellen (139 millionar kroner/år, 5,5 millionar mindre enn dagens budsjett).
  • Innanfor budsjett 2017 for ambulansetenesta (144 millionar kroner).
  • Innanfor prognose 2017 for ambulansetenesta (152 millionar kroner).
  • Innanfor dagens modell, med avvikling av heimevakt, ny båt i område sør, husleigejusteringar og medisinsk rådgjevar (168 millionar kroner). 

 - Denne prosessen vil altså Helse Førde at både representantar for kommunane og brukarane skal involverast i. 

Styret i Helse Førde skal ta stilling til dette på møte tysdag 6. juni.

Til toppen